Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kviteseid

Kviteseid kommune har mange aktivitetar og attraksjonar samt fleire overnattingsbedrifter og serveringsstadar.
Museum, galleri, godt merka tur- og skiløyper, golfbane og skianlegg er litt av det du finn i denne flotte kommunen.

Vi vil vise nokon få eksempel, resten finn du ved å klikke deg inn på linkane som ligg ved.

Vandre Telemark har godt merka turløyper fleire stadar i Vest-Telemark.
I Kviteseid er det fleire val, du finn dei her. http://www.visittelemark.no/vandretelemark

Det er både store og små arrangement i Kviteseid kommune, ein smakebit om kva som skjer i Kviteseid eller i Vest-Telemark finn du ved å klikke på denne linken. http://kvaskjer.vest-telemark.no/kviteseid/

Vrådal

Både sommar og vinter byr Vrådal på aktivitetar for heile familien med utgangspunkt i den flotte naturen og dei mogelegheitene det gir.
På sommaren tilbyr Vrådal flotte forhold for vandring, bærplukking og fisking.
Dei siste åra er det lagt vekt på å oppgradere vandrerutene, og ein finn både korte skogsturar og lange fjellturar.
Den nye 9-hulls golfbanen på Fossøy i Nisser ligg vakkert til og byr på mange utfordringar i spillet.
Innsjøen Nisser innbyr til vassaktivitet, enten ein vil på ligge stranda,  bade, eller ta seg en tur med robåt, kano eller kajakk som kan leigast fleire stadar i Vrådal. Veteranbåten M/S Fram seglar sightseeingturar 2-4 gonger i veka frå mai til oktober.

Om vinteren tilbyr Vrådal Panorama Skisenter skibakkar i alle kategoriar.
Ein 8-seters stolheis gjer at det nesten aldri er kø, og i tillegg er det 4 skitrekk og eit barneområde med 2 rulleband.
Skisenteret har skiutleige, skiskule, kafé og restaurant. Både ved skisenteret og fleire andre stadar i Vrådal er det oppkøyrte langrennsløyper; til saman ca. 30 kilometer i skog og på høgfjell.

Vrådal tilbyr overnatting i både hotell, hytter og leilegheiter med god standard.

www.vraadal.com

Kviteseidbyen

Kviteseidbyen er eit livleg og triveleg handels- og servicesenter ved Telemarkskanalen og Rv41.
Når du går på ein av kafeane, stikk innom butikkane, talar med handverkaren eller du står på Kviteseid brygge og helsar Victoria velkomen ein sommardag, merkar du den gode atmosfæren – du kjenner den hyggelege stemninga.

Kviteseidbyen har eit vakkert bryggeområdet og god plass for gjestebåtar langs den nyoppussa bryggja (2016).
Du kan ta rutebåten eller eigen båt frå Kviteseidbyen og nokre timar seinare, gjennom eit vakkert landskap og fleire sluseanlegg, har du saltvatn under kjølen.
Du kan òg ta turen langs kanalen med sykkel langs sykkelrute nr. 2.

www.kviteseidbyen.no

Morgedal

Morgedal er kjent som vogga til den moderne skisporten. Sondre Norheim vaks opp i denne vesle bygda, og Sondre sine innsvinga ski med hælbinding, og ikkje minst hans dyktighet på ski,  endra folks syn på kva skiløyping skulle vera. 

Skiløyping blei ikkje lenger berre ein måte å ta seg fram på. Skiene blei nå eit middel til leik og moro.
I pur glede sette dei utfor, gjorde lange hopp og stoppa ikkje før dei nådde botnen av den snøkledde dalen.
Med morgedølane i spissen tok skiløypinga steget over i den moderne skisporten. Torjus og Mikkel Hemmestveit og sørpolfarar Olav Bjaaland er morgedølar som tok med seg telemarkstilen vidare ut i verda.

Denne historia kan du oppleve i Morgedal. Norsk Skieventyr er eit heilårsope museum som formidlar Morgedal, Telemark og nasjonal ski- og polarhistorie via ei multimedia-reise og utstillingar. Øverbø, staden der Sondre Norheim vart født, er ope heile året. Du kan gå frå Norsk Skieventyr (2 km) eller parkere ved tilrettelagt parkering ca. 500 m unna.

Overnatting finn ein både på Morgedal hotell og Morgedal Gjestehus, eller du kan leige ei lita koseleg hytte. Ynskjer du ein skitur eller gå/sykle er det gode forhold for det.

www.morgedal.com

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk