Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Karakterar - rett til å klage

  • Skriftleg sidemål - fritak frå opplæring/vurdering med karakter

    Generelt

    Som elev kan du søkje om å få fritak frå opplæring eller fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Dette er ikkje det same.

    Du kan søkje om å få fritak frå opplæring og vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom du

    • får opplæring i teiknspråk, samisk eller finsk
    • er minoritetsspråkleg og får særskild språkopplæring (det vil seie særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring)

    Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål kan du søkje dersom du

    • har hatt rett til særskild språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn
    • på grunn av sjukdom eller skadd e.l. har problem med å greia begge målformene
    • har gådd 8., 9. eller 10. trinn på ein internasjonal- eller utanlandsk skule og har motteke opplæring etter læreplan i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller annan jamngod læreplan.

    Viss du får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra dine eller deg sjølv om du skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål.

    Har du fått fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål, skal du likevel delta i opplæringa. Du skal òg ha vurdering undervegs av læraren din. Vurderinga skal seie noko om kompetansenivået ditt i faget og kva du må gjere for å bli betre. Uansett type fritak så tyder ikkje det at du får fritak frå å lese tekster på sidemål. 

    Målgruppe

    Elevar i grunnskule og vidaregåande skule

    Kontaktavdeling

    Sektor for skule og barnehage

    LederIngunn Haugland
    PostadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID
    BesøksadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID

    Lovar og retningsliner

    Sjå forskrift til opplæringslova §§ 1-11, 3-22 og 4-15 (gjeld vaksne) og kapittel 5 som gjeld klage.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Du sender søknad om å bli friteken frå opplæring i skriftleg sidemål til rektor på den skulen du går på. Det same gjeld dersom du søkjer om fritak for vurdering med karakter.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til skulen. Dersom skulen lèt avgjerda stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule), som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk