Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Fyrverkeri - handel og oppbevaring

  • Kunnskapsprøven - alkohollova

  • Salsløyve for alkohol

    Generelt

    Personar eller verksemder som ønskjer å selje og utlevere alkoholhaldig drikk for drikking utanfor utsalsstaden, må søkje kommunen om salsløyve. Det blir ikkje gitt løyve til bensinstasjon eller kiosk. Salsløyvet gjeld drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet blir gjeve for maksimum fire år om gongen.

    Endringar i løyvet skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan for eksempel skje ved skifte av styrar og avløysar, endringar i driftskonsept eller endringar i eigarforhold. Slike endringar skal du melde frå om til løyvemyndigheita. Større endringar kan føre til krav om nytt løyve. Løyvet fell bort dersom verksemda blir overdradd til andre. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheita er underretta om det. Det må søkjast om nytt løyve så snart som mogleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

    Vilkår

    Løyvesøkjaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med avløysar. Begge må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova. Dei må vere over 20 år, arbeide i verksemda og oppfylle dei krava som alkohollova stiller.

    Pris

    Statlege satsar

    Partnarar

    • Vaktselskap/kontrollørar
    • Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og sentrale personar)
    • Skatteetaten (skal kontrollere / uttale seg om at den som har løyvet, held seg etter skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga)

    Kontaktavdeling

    Kultur og fritid

    LederElisabeth Lid
    Telefon35 06 81 12
    PostadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID
    Besøksadresse3850 KVITESEID

    Lovar og retningsliner

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Du må søkje skriftleg. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.

    Vedlegg

    • Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
    • Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve om alkohollova
    • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
    • Eventuell skatteattest

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
  • Serveringsløyve

  • Skjenkjeløyve

  • Skjenkjeløyve - ambulerande / for eit enkelt høve

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk