Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Stortings- og samtingsvalet 2017

Du har røysterett ved stortingsvalet dersom du oppfyller vilkåra i vallova 2-1. Du må m.a. stå i manntalet for stortingsvalet og vere fylt 18 år innan utgangen av 2017.

Tidlegrøysting

  • Frå 03.07.17 t.o.m. 09.08.17
  • Kvardagar mellom kl. 1200 og kl. 1500 på kommunehuset
  • Ta kontakt med resepsjonen på kommunehuset dersom du vil tidlegrøyste
  • Du kan tidlegrøyste i alle kommunar, ta kontakt med kommunen du vil røyste i.

Hugs å ta med gyldig legitimasjon

Kontakt oss på telefon 35 06 81 00 eller på e-post: post@kviteseid.kommune.no

Førehandsrøysting

  • 10.08.17 t.o.m. 08.09.17
  • Kvardagar mellom kl. 1000 og kl. 1500 på kommunehuset
  • 07.09.17 mellom kl. 1000 og kl. 1200 på Kviteseid omsorgssenter

Du kan førehandsrøyste i alle kommunar. Om du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du står oppført i manntalet, må du gjere det så tidleg at stemma di kan nå fram til den rette kommunen innan 12. september kl. 1700.

Ta gjerne med valkort. Har du ikkje fått valkortet innan 10.08., bør du ta kontakt med oss.

Hugs å ta med gyldig legitimasjon.

Særskilt for sametingsvalet

  • Du må førehandsrøyste om du er manntalsført i Kviteseid kommune, og har røysterett til sametingsvalet
  • Hugs å røyste i god tid. Vi sender stemma di vidare til ein kommune som har oppteljing.

Hugs legitimasjon, og ta helst med det det tilsendte valkortet for sametingsvalet. Har du ikkje fått valkortet for sametingsvalet innan 10.08., bør du ta kontakt med Sametinget på telefon 78 47 40 00.

Røyste heime?

Dersom du på grunn av sjukdom eller uførleik er hindra frå å møte på vallokalet eller førehandsrøystingslokalet, kan du søkje om å få røyste heime eller der du oppheld deg.

Send ein søknad til Valstyret i Kviteseid kommune, Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid eller på e-post: post@kviteseid.kommune.no.

I søknaden må du oppgje fullt namn, fødselsdato- og år, og kva adresse du oppheld deg på den siste veka før valet. Du må og oppgje eit telefonnummer vi kan nå deg på.

Kontakt oss på telefon 35 06 81 00 eller på e-post: post@kviteseid.kommune.no om du har spørsmål eller ønskjer hjelp til å sende ein søknad

Søknadsfrist 05.09.17

Valdagen for stortings- og sametingsvalet er 11. september frå kl. 1200 til kl. 2000.

Valkrins og røystestad:

Brunkeberg krins – Brunkeberg oppvekstsenter

10. september frå kl. 1500 til kl. 1900
11. september frå kl. 1200 til kl. 2000

Vrådal krins – Vrådal grendehus

11. september frå kl. 1200 til kl. 2000

Kviteseid krins – kommunehuset

11. september frå kl. 1200 til kl. 2000

Hugs å ta med gyldig legitimasjon, og gjerne det tilsendte valkortet.

Tenesteomtaler

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk