Jordmorteneste
Generelt
Er du gravid, kan du få svangerskapskontroll på helsestasjonen. Ta kontakt med helsestasjonen du høyrer til for å tinge time.
Svangerskapskontrollen skal bidra til å gje deg god helse under svangerskapet. Du kan òg få rådgjeving knytt til samliv og til foreldrerolla. Foreldreførebuande kurs skal styrkje foreldra sine kunnskapar og tryggleik om graviditet, fødsel og barselstid.
Kontortid 08 – 15, to dager i veka.
Dagane varierer pga. at jordmor òg bemannar Jordmorvakta. Send SMS på mobilnummeret om du ikkje får tak i jordmor på 350 68 263.
Vest-Telemark har som eit fast samhandlingsprosjekt saman med Sjukehuset Telemark innført døgnkontinuerleg jordmorteneste. Du kan lese meir om ordninga i ei brosjyre under annan informasjon. Vakttelefon er 35 02 16 24. Får du ikkje kontakt av ein eller annan årsak, kan du og ringe sentralbordet ved Sykehuset Telemark 35 00 35 00 eller direkte til fødeavdelinga tlf 35 00 47 64.
Tenestene til jordmor er:
Pregravid rettleiing:
· Oppfølging i svangerskap
· Fødselsførebuing
· Foreldreførebuing
· Fylgje i ambulanse til fødeavdeling v/behov
· Heimebesøk
· Etterkontroll
· Rådgjeving i samband med uønska svangerskap
· Etterabortsamtaler
· Prevensjonsrettleiing
Til friske kvinner:
· Rådgjeving i høve til kvinner si helse
· Prevensjonsrettleiing
Til ungdomar:
· Undervisning
· Prevensjonsrettleiing
. Samtale
Målgruppe
Gravide
Vilkår
Graviditet
Pris
Tenesta er gratis.
Brosjyrer
Kontaktpersonar
Navn | Tittel | Telefon | Mobil | Telefaks | E-post |
---|
Merete Kaste | Jordmor | 35 06 82 63 | 40 86 73 35 | - | Send Epost |
Kontaktavdeling
Jordmortenester
Leder | Merete Kaste |
---|
Postadresse | Kviteseidgata 13
3850 KVITESEID |
---|
Besøksadresse | Granlivegen 1
3850 KVITESEID |
---|
Lovar og retningsliner
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå forskrifta §§ 2-1 og 2-3.
Søknadsprosessen
Høve til å klage
Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.