Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Retningsliner for flytebrygger

Godkjent av formannskapet i Kviteseid kommune 01.06.2011 i utvalssak 56/11.

1. Storleik og plassering av brygger/flytebrygger skal avgjerast av formannskapet ved søknad om dispensasjon.

2. Dekke på brygge skal vere i trevirke eller betong.

3. Ikkje nytte trevirke av tropisk slag.

4. Flyteelement av luftfylte pontongar.

5. Det skal ikkje nyttast signalfargar.

6. Det må dokumenterast godkjent naudsynt parkeringsareal og ev. avkjørsel.

7. Brygger/flytebrygger er søknadspliktig jfr. pbl § 20-2 (utan ansvarlege føretak).

8. Det er krav om sertifisering/godkjenning av prefabrikerte flytebrygger.

9. Tiltakshavar må utarbeide nødvendig dokumentasjon prosjektering/utføring for plassbygde brygger/flytebrygger. (Treng ikkje leggast ved søknaden.)

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk