Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Barnehageplass

    Generelt

    Alle barn som fyller 1 år innan utgangen av november, har rett på plass. Jf bhgl § 12a. Barn som fyller ett år i september, oktober og november, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå den månaden barnet fyller ett år.

    Barnehagen skal i samarbeid og i samråd med heimen ta vare på barnet sitt behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Det skal m.a. takast omsyn til:

    • alderen til barna
    • funksjonsnivå
    • kjønn
    • sosial, etnisk og kulturell bakgrunn

    Det er tre barnehagar i Kviteseid: Kviteseid barnehage er ein rein barnehage med 59 plassar, medan barnehagetilbodet i Brunkeberg og Vrådal blir gjeve i oppvekstsentre, dvs ein kombinasjon av barnehage og skule. Brunkeberg har 42 plassar, medan Straumsnes har 24 plassar. Barn under 3 år tar opp 2 plassar.

    Målgruppe

    Born 1 til 6 år som bur i kommunen.

    Vilkår

    Desse blir prioriterte ved opptak:

    • Barn med nedsett funksjonsevne
    • Barn som barnevernstenesta har overteke omsorga for
    • Barn som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta

    I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium.

    Pris

    Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass. Gjeldande satsar finn du her. Det skal betalast for 11 månader, dvs eit barnehageår.
    Foreldrebetaling blir fakturert midt i den månaden fakturaen gjeld for

    Kommunen skal sørgje for at foreldre med meir enn eitt barn i barnehage får reduksjon i foreldrebetalinga. Dette gjeld uavhengig av om barna går i forskjellige barnehagar og i barnehagar med forskjellige eigarar. Samla årleg foreldrebetaling skal for det første barnet utgjere maksimalt 6 % av den samla skattepliktige kapital- og personinntekta i hushaldet. For andre, tredje og fleire barn blir foreldrebetalinga sett til høvesvis 70 og 50 prosent av foreldrebetalinga for det første barnet.

    Frå 1. august 2016 har alle 3-, 4- og 5-åringar som bur i hushald med låg inntekt, rett til å få 20 timar pr. veke gratis opphaldstid i barnehage. Den ordninga gjeld for familiar eller hushald som har ei samla inntekt på mindre enn 417 000 kroner. Dette gjeld òg barn med utsett skulestart.

    Brosjyrer


    Partnarar

    • Helsestasjonen
    • PPT
    • Barnevernet

    Kontaktavdeling

    Sektor for skule og barnehage

    LederIngunn Haugland
    PostadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID
    BesøksadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID

    Lovar og retningsliner

    Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.

    Sjå
    Barnehageloven § 7, § 8, § 9, § 12, § 12a og § 13.
    Barnevernloven § 4-4 - hjelpetiltak for barn og barnefamilier
    Forskrift om foreldrebetaling i barnehagen § 3 Moderasjonsordninger

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Du søkjer via eit søknadsskjema til kommunen.

    Det finnes eigne skjema for redusert betaling, gratis kjernetid og syskenmoderasjon.

    Skjema

    Vedlegg

    Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet.

    Søknadsfrist

    1. mars

    Søknadmottakar

    Kviteseid kommune
    Kviteseidgata 13
    3850 KVITESEID

    Høve til å klage

    Du kan klage dersom
    • du har fått avslag på søknaden om barnehageplass
    • du har fått plass, men ikkje fått oppfylt verken første eller andre ønske.
    Du må sende klaga innan 3 veker frå du mottok avgjerda. Dersom du bruker retten din til å krevje ei grunngiving, er klagefristen 3 veker frå du mottek grunngivinga.
     
    Dersom kommunen kjem til at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal du få tilbod om første ledige plassen etter at barn med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.
  • Skulestart

  • Spesialundervisning

  • Spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk