Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Brunkeberg oppvekstsenter

LÆRING, LEIK OG UTVIKLING

Vi arbeider for at dei ungane som veks opp i denne delen av kommunen, skal ha eit godt barnehage- og skuletilbod og at foreldre kan vere trygge på at Brunkeberg oppvekstsenter er ein god plass å vere og ein god plass å lære.

Oppvekstsenteret har tilbod for born frå 1 til 10 år i barnehage, skule og SFO. Barnehagen har to avdelingar: "Blåbær" for dei minste og "Tytebær" for dei største barna. Skulen har elevar frå 1. til 4. klasse frå grendene Morgedal, Brunkeberg, Ordal og Åsgrend. Det er SFO alle skuledagar i skulen sin lokale. Kvar måndag og torsdag er det leksehjelp frå 14.30-15.30.

Rektor: Hilde Berntsen
Telefon
 35 05 53 40
E-post
 hilde.berntsen@kviteseid.kommune.no


Assisterande einingsleiar: Anne Helen Berge 
Telefon  35 05 53 60
E-post  anne.helen.berge@kviteseid.kommune.no


Brunkeberg Barnehage - BygningenBrunkeberg skule - bygning

 Blåbær
 35 05 53 62
 40 90 02 75

 Tytebær
 35 05 53 60
 90 63 78 32

  

Brunkeberg oppvekstsenter ligg høgt og fritt langs riksveg 41. Det er om lag fem kilometer til Kviteseid sentrum.

På eine sida er utsikten mot Kviteseid, på andre sida ligg skogen. Her har vi to gapahukar vi kan bruke heile året. I skogen leikar vi kvar dag, og om hausten plukkar vi bær og sopp.  I tilknyting til området ligg lysløypa og ballbingen. Her ligg alt til rette for bruk av området til leik og læring.

Barnehagen held til i ljose og trivelege lokale og har eit stort og variert uteområde til disposisjon saman med skulen. Her er god plass til alle, store og små i lag!

Opningstida i barnehagen er frå 7.30 til 16.30.

Mål for  Brunkeberg Oppvekstsenter:

  • Vi arbeider for å få trygge og sjølvstendige barn som trivst saman med andre.

Visjon:

  • Aktive barn – aktive vaksne
  • Naturen er vår gullgruve…….

Satsingsområde:

  • Språk, tekst og kommunikasjon.
  • Kropp rørsle og helse. 
  • Samarbeid barnehage og skule
  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk