Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vest-Telemarkkonferansen

6. FEBRUAR

Vest-Telemarkkonferansen er no 15 år og er ein viktig møteplass for alle som er interesserte i regionsutvikling. Her får du møte politikarar, privat næringsliv, offentleg tilsette og organisasjonar som saman drøftar tema som er viktig for regionen.

Kvar står Vest-Telemark i ei digital framtid er tittelen på årets konferanse. Den raude tråden er digitalisering i offentleg og privat sektor. 

Kom og høyr våre spennande foredragshaldarar dele sine synspunkt og erfaringar, om korleis vi best skapar nye og betre produkt og tenester i Vest-Telemark. Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vert med oss. Det same gjer Ingeborg Tveit Paulsrud – InFuture, Telemarklam frå Fyresdal, Hegna Landhandel frå Seljord, Svein Dag Midtsund og Gunnar Osen med "Eit skråblikk på Vest-Telemarkingen" og mange fleir.

Vi har berre 200 plassar på Vest-Telemark Konferansen, så meldt deg på i dag. Bygg nettverk og kom i dialog med nye kundar eller samarbeidspartnarar.

Treng du å komme i kontakt med nye kundar eller samarbeidspartnarar? I år tilbyr vi verksemder og organisasjonar å ha eigen stand i messeområdet i samband med konferansen. Pris 1500 + mva.

Om du ynskjer å bestille stand, klikk her

Program for tidlegare år finn du her

Påmelding Vest-Telemarkkonferansen pr 14.01.2019.pdf

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk