Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vegleiing for nyutdanna barnehagelærarar i Vest-Telemark

KS og Kunnskapsdepartementet har inngått ei avtale om å arbeide målretta for at nyutdanna pedagogar i barnehage og skule skal få tilbod om vegleiing, gjeldande frå 2011-2012.

I Vest-Telemark er det sett saman eit vegleiarteam på fem personar som utfører oppdrag om veiledning for nyutdanna.

Vegleiingsteamet i Vest-Telemark (VTV) jobbar på oppdrag frå Barnehageforum.
Barnehageforum er samansett av representantar frå dei ulike kommunane og samarbeider om utvikling av barnehagane i regionen.

Barnehageeigar har hovudansvaret for å gje nyutdanna barnehagelærarar vegleiing og oppfølging. I Vest-Telemark gjeld tilbodet over 2 år.
Styrar har det daglege ansvaret for at nytilsette nyutdanna barnehagelærarar i eigen barnehage får vegleiing. Vegleiinga skal gjennomførast i arbeidstida.

Vegleiinga skal utførast av ein erfaren og kvalifisert vegleiiar.
Det er viktig med kvalitet i vegleiinga, og at ordninga sikrar systematisk vegleiing basert på dei nyutdanna sine behov. Vegleiinga skal støtte opp om den nyutdanna sin personlege, sosiale og profesjonelle utvikling som barnehaglærar.

Vegleiing av nyutdanna kan bidra til å:

  • sikre ein god overgang mellom utdanning og yrke
  • stimulere til refleksjon og sjølvutvikling. Bevisstgjere den nyutdanna i forhold til       eigen ståstad, eigne målsettingar og gje støtte til å finne handlingsalternativ som  byggjer på den nyutdanna sine visjonar
  • auke kvaliteten i barnehagen
  • utvikle barnehagen som organisasjon
  • utvikle vegleiarkompetanse i eigen organisasjon
  • bidra til å rekruttere, utvikle og behalde dyktige barnehagelærarar


Vegleiing for nyutdanna i Vest-Telemark(PDF)

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk