Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Storsatsing på språk i Kviteseid kommune

Kviteseid kommune har dette skule- og barnehageåret jobba systematisk med «Språkløyper» i barnehagane og skulane i kommunen.
Språkløyper er ein nasjonal strategi for språk, lesing og skriving.
Det er fyrste gong det vert satsa systematisk både på barnehage, alle trinn i grunnskulen og vidaregåande skule i same strategi.
Strategien er laga slik at styrarar og leiarar kan ta innhaldet i bruk i barnehagane og skular straks, og heile organisasjonen skal arbeide saman om ei kompetanseutvikling.
Målet er å styrke språkarbeidet i barnehagane og gjere elevar betre til å lese og skrive.

Kviteseid kommune søkte i vinter Utdanningsdirektoratet om å bli språkkommune.
Språkkommunar er ein del av Språkløypesatsinga og i fylgje kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil kommunane bli viktige førebilete i arbeidet med språk i barnehagar og skular.
Gleda var stor då vi fekk svar frå direktoratet at Kviteseid kommune, den einaste i Telemark, er plukka ut som ny språkkommune.  

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk