Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 11.05.2018Kontaktavdeling: Teknisk drift

Nye tomter i Kviteseid

Det er etterspurnad av bustadtomter i Kviteseid, og sist formannskapsmøte vedtok eit samrøystes formannskap å dele frå og bygge ut tre tomter på Jore i Kviteseid. Tomtene ligg nær skule, barnehage og område som alt er utbygd. Kommuneplanen har lagt til rette for ei vidare utbygging av området, og formannskapet ynskjer å etablere fleire bustadar i sentrumsnære området der det meste av infrastruktur er på plass.

Formannskapet vedtok også samrøystes å redusere dei resterande tomtene i Midtsundåsen frå fem til tre. Sjølv om endringa vil føre til tap av to tomter, vil endringa føre til at dei nye tomtene blir større og meir attraktive.

Ta kontakt med teknisk etat for meir info. 

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk