Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Livet som politikar i Kviteseid kommune

Om eit år er det kommuneval og partia i Kviteseid har starta arbeidet med å finne listekandidatar og utarbeide valprogram.

Politikk betyr å prioritere og vera med å bestemme korleis det skal vera i kommunen. Ei interessant og spanande utfordring som alle kan og bør vera med på. 

Mange har lyst til å prøve seg som politikar, men lurar på om det er mange møter, er det mykje å lese, får eg dekt tapt arbeidsforteneste og kva skjer i kommunestyret. Nå kan du få svar på desse spørsmåla og mange fleire.

Torsdag 20.september i tidsrommet kl.17-19 vil du finne kommunestyrerepresentantar frå alle seks partia på Waldenstrøm kafé i Kviteseid.

Me ynskjer velkomen til ein uformell prat om livet som lokalpolitikar og me serverar kaffe og kake.

Med beste helsing

AP, SP, KRF, H,V,MDG


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk