Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kulturprisen 2019

Kviteseid kommune sin kulturpris for 2019 og ungdommens idrett- og kulturpris

Kviteseid kommune skal dele ut kulturprisen i 2019. Denne blir dela ut kvart tredje år og kommunen ynskjer forslag på kandidatar.

Ungdommens idrett- og kulturpris delast ut kvart år. Det er to stipend som skal delast ut og kommunen ynskjer forslag på kandidatar.

Forslag til kandidatar sendast Kviteseid kommune v/Elisabeth Lid, post@kviteseid.kommune.no innan 26. april.

Kriterier kulturprisen 2019

Kulturprisen for Kviteseid kommune er på kr. 10.000,-. Med prisen følgjer eit minnediplom.

Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar, grupper eller lag som har tilhald i kommunen, eller er knytte til kommunen på annan måte, og som har gjort/gjer ein innsats ut over det vanlege innafor det utvida kulturområdet.

Prisen kan delast ut 3. kvart år. Dersom to kandidatar vert funne likeverdige, kan prisen delast mellom desse.

Framlegga skal vera skriftlege og grunngjevne. Kulturstyret kan på eige initiativ kome med framlegg til prisvinnarar. Fristen for å sende framlegg til kandidatar vert kunngjort av  i god tid før kvar prisutdeling. Dette vert kunngjort i pressa.

Det er kulturstyret (hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift) som avgjer kven som er vinnar av kulturprisen.

Ungdommen sin idrett- og kulturpris:

Kviteseid kommune har etablert to stipend a 5000,- kr. som kan delast ut til personar, lag eller grupper for ein prestasjon/prestasjonar som har nådd stor regional merksemd eller alminneleg nasjonal merksemd.

Stipendet skal vera utrykk for anerkjenning, og vera eit verkemiddel til fortsatt utvikling og innsats innanfor den aktiviteten stipendet er tildelt.

Stipendet kan tildelast unge menneske i alderen 15 – 30 år som er folkeregisterført i Kviteseid kommune. Prisen kan også tildelast personar som har hatt barndom og oppvekst i Kviteseid kommune, og som har vidareutvikla ein aktivitet som starta i Kviteseid, og som ein må ut av kommunen for å utvikle på eit høgare nivå.

Forslaget til kandidatar må innehalde opplysningar om kandidaten og grunngjeving med informasjon om prestasjonen og nivået den representerer. Det er hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift som avgjer kven som får stipenda.


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk