Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Høyring nye Politivedtekter Kviteseid kommune

Kviteseid kommunestyre har i møte den 07.03.2019, sak 006/19, gjort vedtak om framlegg til ny politivedtekt for Kviteseid kommune. I medhald av forvaltningslova § 37, skal endringsframlegget leggjast ut på offentleg høyring.

Høyringsperioden er sett til 6 veker. Høyringsfristen er 06.April 2019.

Politivedtekter er lokalt vedtekne reglar som fungerer som eit supplement til den ordinære lovgjevinga. På oppmoding frå Politidirektoratet, skal dei gjeldande politivedtektene for Kviteseid kommune no reviderast.
 
I fylgje Forvaltningslova §37 andre ledd, har alle som forskrifta skal gjelda for, høve til å koma med høyringsinnspel.
 
Høyringssuttale skal sendast til post@kviteseid.kommune.no eller i vanleg post til:
 
Kviteseid kommune
Kviteseidgate 13
3850 Kviteseid
 
Når høyringsfristen er ute vil mottekne innspel verta vurderte, og Kviteseid kommunestyre vil gjera vedtak om politivedtekta si endelege ordlyd.

Politivedtekter - Kommunestyrets framlegg ( docx)


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk