Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Høyring - Forskrift om rett til langtidsopphald i sjukeheim eller bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester.

Stortinget har bestemt at kommunane innan 1. juli 2017 skal ha laga ei forskrift der kriteria for å få tildelt langtidsplass i sjukeheim eller bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns omsorg vert gjort tydelege. Forskrifta skal medverke til meir openheit kring kriteria for tildeling av langtidsopphald. Vedlagt ligg Kviteseid kommune sitt forslag til forskrift. Før forskrifta vert behandla av kommunestyret, skal den etter reglar i forvaltningslova fyst leggast ut til offentleg høyring. Både organisasjonar og privatpersonar kan uttale seg.

Høyringsfristen er sett til 31. mai 2017.

Høyringsdokument

Forslag til forskrift

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk