Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Førehandsrøysting 12.august til 6.september

Dersom du ynskjer det kan du røyste på førehand. Du kan førehandsrøyste i den kommunen du sjølv ynskjer. Hugs å ta med legitimasjon.

I Kviteseid kan du førehandsrøyste på kommunehuset i perioden 12.august – 6.september.
Det er ope for røysting i tidsrommet kl. 09:00 – kl. 15:00. Måndag til fredag.

Det er mogleg å røyste på institusjon 5.september:

  • Kviteseid omsorgssenter torsdag 5. september mellom kl. 10:00 – kl. 12:00
  • Midtsundtoppen torsdag 5. september mellom kl. 12:00 – kl. 13:00

Fristen for søknad om ambulerande røysting er tysdag 3. september og  ambulerande røysting vil skje torsdag 5. september mellom kl. 13:30 – kl. 15:00.

I Kviteseid vil det bli to valdagar

  • Vallokalet i Kviteseid (kommunehuset) vert halde ope sundag 8. september 2019 mellom kl. 15:00 og kl. 18:00.
  • Vallokala i Kviteseid (kommunehuset), Brunkeberg (Brunkeberg oppvekstsenter) og Vrådal (Straumsnes oppvekstsenter) vert halde ope måndag 9. september 2019 mellom kl. 12:00 og kl. 20:00.

Helsing valstyret i Kviteseid


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk