Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Endringar i ekteskapslova - kommunale vigslar i Kviteseid

Oppgåva med borgarleg (livssynsnøytral) vigsel er nå overført frå domstolane til kommunane.

Plikta til å gje tilbod om vigsel gjeld frå 1.jan 2018, og minst ein av brurefolket må vere busett i kommunen.
I tillegg gjeld plikta utanlandske statsborgarar som ynskjer å gifte seg i kommunen.

Vigselen er i utgangspunktet gratis, men det kan takast betaling for å dekkje ekstra kostnadar om brurefolket ynskjer ein spesiell stad for vigselen som vil gje meirkostnadar for kommunen.

Kommunen er positive til å tilby vigslar for utanbygds brurefolk og vil tilby vigslar til andre kommunars innbyggjarar om det kjem spørsmål om det og til same vilkår som eigne innbyggjarar.  

Ev betaling skal vere avklart med brurefolket på førehand.

Ordførar og varaordførar er gjeve vigselrett direkte i lova (ekteskapslova §12). I tillegg har kommunestyret i Kviteseid gjeve rådmannen vigselrett.

Kommunen har eit høveleg lokale, men kan også godkjenne at vigsel vert gjennomført andre stader – til dømes utandørs, på eit hotell i kommunen, i kulturhuset, i brurefolket sin heim eller annan stad brurefolket måtte ha ynskje om.

Ta kontakt med ordførar om de ynskjer meir info. 
  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk