Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Barnehagesøknad 2017-2018

Du kan no søke på barnehageplass for neste barnehageår - 2017-18. Søknadsskjema finn du på heimesida vår under "Skjema»
Nytt barnehageår startar måndag 21.8.2017 for nye barn/endring av plassar.

  • Kviteseid barnehage: 2, 3, 4 og 5 dagars tilbod
  • Straumsnes oppvekstsenter:    2, 3, 4 og 5 dagars tilbod
  • Brunkeberg oppvekstsenter:    2, 3, 4 og 5 dagars tilbod

Kviteseid kommune tek berre imot elektronisk søknad om plass/endring eller oppseiing av barnehageplass.
Nytt barnehageår startar måndag 21.8.2017 for nye barn/endring av plass.
Dei som alt har plass, har denne inntil dei søkjer om endring eller seier opp plassen.

Barn som fyller eitt år innan utgangen av november har rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år.
Retten gjeld berre viss det er søkt innan 1.mars til hovudopptaket.
Barn som fyller eitt år seinare enn november, og som ikkje får plass i hovudopptaket, vil bli sett opp søkjarliste og tildelt plass dersom det blir ledig plass i barnehagane.

Det blir tildelt ledige plassar ut frå retningslinene i Vedtekter for barnehagane i Kviteseid.

Søknadsfrist 1.mars 2017. Send søknad elektronisk

Barn i barnehage
  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk