Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vinter 2017

I skrivande stund, i midten av februar, så er årets vinter for meg ein vinter som eg ikkje kjem til å  hugse med glede. For ein som er veldig glad i å løype på ski så har det vore ein elendig vinter der mildvær og regn har gjort forholda for skiløyping veldig vanskeleg. Heldigvis finst det kunstsnoanlegg rundt omkring, og det har redda både min og andre sitt behov for å ta seg ein skitur, enten bortover eller nedover.

Løypelaga og andre i kommunen gjer ein stor og viktig innsats med sin løypekøyring for at me skal leve opp til rykte at ein er «født med ski på beina». Det sett kommunen stor pris på, det er eit viktig tiltak med tanke på folkehelse og for reiselivet.

Denne vinteren har så langt lagt forholda veldig godt til rette for bruk av isen rundt omkring på små og store vatn. Skøytene har blitt flittig bruka av både store og små, og kulde og lite sno har gjeve gode forhold til både bilkøyring og hesteløp på fjorden.

Kommunestyret vedtok 26. januar ny kommunal planstrategi. Det er ein oversikt over kommunen sine planar og korleis ein skal lage nye eller revidere dei me har. Ny samfunnsplan for kommunen står fyrst på prioriteringslista. Korleis skal me utvikle Kviteseid kommune framover og kva skal me satse på er sentrale tema som skal inn i denne nye planen. Til det treng me din hjelp, eg håpar at mange engasjerer seg nå i tida framover og kjem med innspel på korleis ein ynskjer at Kviteseid kommune skal sjå ut om 15 år. Meir info om dette kjem framover.

Eit tiltak som er viktig er korleis me skal kommunisere med omverda. Eit tiltak er vår nye mobiltilpassa heimeside som eg håpar blir ei verktøykasse der innbyggjarane og andre finn den infoen som ein treng. Me ynskjer å ta i bruk sosiale media og via Facebook kan ein gje raskare info og få til ein meir tovegs kommunikasjon. FB-sida vil me i første omgang bruke til å spreie informasjon om arrangement og aktivitetar i kommunal og frivillig regi, samt vise til artiklar på heimesida vår.

Målet er at Facebooksida til Kviteseid kommune vil vera ein stad ein rettar seg mot for å finne informasjon om alt det spanande som skjer i kommunen vår, og eit forum der dei som har ei tilknyting til Kviteseid kan dele informasjon, bileter og gladsaker med kvarandre! Me tek gjerne imot innspel, klikk deg inn og lik vår FB-side her.

Ein nå kan fylgje med på kommunestyra på web-tv, enten direkte eller i opptak frå arkivet. Det er viktig at du som innbyggjar har høve til å fylgje med kva som skjer i politikken. Via internett og vår heimeside kan ein få med seg både vurderingar bak sakene og argumenta, og ikkje bare lese vedtaket i etterkant. Kviteseid kommune sine websendingar finn du her.

Me kan alltid bli flinkare, ta gjerne kontakt om du har tips eller råd for å gjera kommunikasjonen endå betre.

Tarjei Gjelstad

Ordførar

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk