Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Våren 2017

Våren og varmen har kome til Kviteseid kommune og det byrjar å bli grønt i lågare delar av kommunen. I høgareliggande strok har ikkje vinteren slept heilt ennå og skientusiastar kan framleis finne skiføre.

For mange betyr våren at nå skal ein legge grunnlaget for ny vekst. For dei fleste av oss betyr det nokre få timars arbeid som å plante i eigen hage eller å rake plenen. For den aktive gardbrukaren betyr våren mange timar på ein traktor for å pløye, gjødsle og så åkeren eller enga slik at det blir gode avlingar til hausten. Andre nyttar høve til å plante ny skog etter siste års hogst og har ein langsiktig plan for at det er barnebarn som skal nyte godt av dette arbeidet.

Landbruket er viktig i Kviteseid kommune, ringverknadane er så mykje større enn det ein ser og luktar nå om våren. Matproduksjon og bruken av innmark og utmark er viktig næringsaktivitet, og ikkje minst viktig for at kulturlandskapet i kommunen ikkje gror att. Det betyr mykje for reiselivet at det er eit aktivt landbruk som viser at det bur folk på gardane, at bygningar blir vedlikehalde og at det er eit ope landskap.

Det kan sjølvsagt bety utfordringar for grunneigarar når ein har almen fri ferdsel, og det skal leggast til rette for turstiar, skiløyper og anna aktivitet. Eg synest at grunneigarane, frivillige organisasjonar og kommunen har eit godt samarbeid og finn løysningar som fungerer godt i det praktiske.

Tilrettelegging for fysisk aktivitet og bruk av areal blir bl.a. tema for politikarane i Kviteseid kommune framover. Planprogram for ny samfunnsdel og rullering av arealdelen i kommuneplanen er nå lagt ut på høyring. Arbeidet med planane vil bli prioritera framover og endeleg vedtak av plan vil skje i januar/februar 2018. Eg håpar at kviteseidingane engasjerer seg i dette arbeidet og kjem med mange gode innspel for korleis me skal ha det i Kviteseid framover. Det vil bli lagt til rette for opne møter der ein kan legge fram sine meiningar. Du kan òg kontakte meg direkte om du ynskjer ein prat om planarbeid eller andre tema.

Høyringsutkast for planprogrammet kan du laste ned her.

Våren betyr innestengte fridagar, feiring og konfirmasjonar. Sjølv skal eg både feire konfirmasjon og eg skal gå i 17.mai tog i Morgedal samt at eg får fått gleda med å tale både i Kviteseid og i Vrådal denne dagen. Det gler eg meg til og ser fram til å møte feststemte kviteseidingar framover våren enten det er på 17.mai eller andre arrangement i Kviteseid kommune.

Tarjei Gjelstad

Ordførar


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk