Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Sommar 2017

God sommar i Kviteseid

I fjor på denne tida skreiv eg om kommunereform, i år skriv eg om regionreform. Nok ein gong ei reform som har hatt lite innhald, få nye oppgåver og som har møtt stor motstand.

Fleire fylke har via sine fylkesting sagt klart i frå kva dei meiner om reforma, og kven dei ynskjer å eventuelt samarbeide med. Dette har ikkje regjeringa tatt omsyn til og tvingar nå fylke saman mot deira ynskje. I tillegg har regjeringa endra på fylkesmannsembeta og tilsett nye fylkesmenn nesten to år før dei skal starte i sin nye stilling.

Reaksjonane har vore store og kraftfulle og vil bli det også framover. Telemark har blitt slått saman med Vestfold, noko begge fylkestinga er i mot. Kampen om statlege arbeidsplassar er i gang og så langt er det Vestfold som er vinnaren. Kva resultatet blir er det ingen som veit, men det er ingen god start i eit samarbeid når partane sjølv ikkje ynskjer det og det blir ein kamp om arbeidsplassane og oppgåvene.

Til hausten er det Stortingsval. Valdagen er 11. september, men allereie frå 10. august kan ein førehandsstemme på kommunehuset. Valkampen er godt i gang og den vil sikkert spisse seg til framover. Som ordførar i ein distriktskommune er ein sjølvsagt engasjera og ein vil jobbe for at eiget parti gjer eit godt val og kjem i regjeringsposisjon.

Alle dei politiske partia i Kviteseid kommune har hatt og vil ha stands utover sommaren med besøk frå stortingspolitkarar. Eg oppmodar at alle tar ein tur innom politikarane som står på stands og at ein seier frå om kva ein meiner er viktig for Kviteseid kommune framover.

Det er viktig at alle som har stemmerett brukar den og seier frå om kva retning ein ynskjer i politikken framover. Derfor er min oppmoding at du møter opp på vallokala i Vrådal, Kviteseid eller Brunkeberg og seier frå kva du meiner ved å legge ein stemmesetel i stemmeurna. 12. september er det for seint, då må ein vente i fire nye år.

Ha ein fin sommar og nyt ferietid med meir eller mindre gode politiske lovnadar og valflesk.

Tarjei Gjelstad

Ordførar

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk