Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Sommar 2016

Laurdag 21. mai hadde eg gleda av å ta imot M/S Victoria for fyrste gong som ordførar. Det var kanaldronninga si fyrste tur til Kviteseid i år, og tross regnvær var Kviteseid hornmusikk og mange andre møtt fram på brygga. Ein flott tradisjon, og for mange betyr det å sjå og høyre Victoria at sommaren har kome til Kviteseid. Det var ekstra hyggeleg i år sidan kommunen kan vise fram det nye, flotte  bryggeområdet som kan ta imot mange gjestebåtar framover sommaren.

Mange i kommunen går nå inn i ei travel arrangementstid. Festivalar, marken, motbakkeløp og kyrkjejubileum er litt av det som skjer i Kviteseid framover. Dugnadsinnsatsen er stor, og det er eit stort tal på timar med frivillig arbeid som blir lagt ned dei neste månadane. Eg vil ynskje alle lykke til med dei ulike arrangementa, og sjølv skal eg prøve å delta på flest mogeleg. Eg håpar at mange kviteseidingar stiller opp og blir med på å lage liv og røre rundt omkring i kommunen.

Folket har nå sagt si meining om kommunesamanslåing. Det har vore fire folkemøter med ca. 300 frammøtte, og det er gjennomført ei spørjeundersøking. Det har òg vore val der spørsmålet var om ein skulle slå seg saman med Seljord eller fortsette som eigen kommune. Me hadde håpa på ein høgare valdeltaking, men ser at det er utfordrande å engasjere folk. Me har det godt i Kviteseid kommune og det å tenke 20-30 år framover er utfordrande.

Resultatet frå spørjeundersøkinga og valresultatet viser eit klart råd frå innbyggjarane i Kviteseid, dei ynskjer at Kviteseid skal fortsette som eigen kommune. Dette rådet skal politikarane ta med seg når saka skal handsamast i kommunestyremøte 16. juni. Etter det møte, uansett resultat, skal Fylkesmannen i Telemark evaluere dei lokale prosessane samt gje sin vurdering av framtidig kommunestruktur i fylket. Arbeidet skal vera avslutta innan 1. oktober og leverast til Stortinget. I løpet av vinteren skal Stortinget handsame kommunestrukturen i landet, og våren 2017 skal Stortinget legge fram sitt forslag. Kva Stortinget vil gjere er usikkert, men det betyr at siste ord i kommunestrukturdebatten  ikkje er sagt.

Tarjei Gjelstad
Ordførar

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk