Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Oktober 2017

Når eg skriv dette så har den fyrste snoen vist seg på Ordalsåta og tida for vinter nærmar seg. Mange kviteseidingar har bruka hausten til å jakte og mange vil nok fortsette med det fram til joletider.

Det har vore ein regnfull og våt haust i Kviteseid kommune og Fylkesmannen har sendt ut fleire varsel om fare for flaum og jordskred. Me har vore heldige og har sleppe unna med dei store skadane som ein har sett ein del andre stadar i landet.

Meir nedbør på kort tid vil vera ein av kommunens store utfordringar framover. Avløpssystem, grøfter, stikkrenner og vegar er ikkje dimensjonera for å takle denne klimaendringa og arbeidet med å oppgradere er i gang. Dette vil koste store pengebeløp og det vil ta tid før kommunen er ajour med alle tiltak. Derfor er det dessverre ikkje til å unngå at nokon vil oppleve problem når det kjem store mengder med nedbør.

Arbeidet med ny kommuneplan er godt i gang. Det er gjennomført kafémøter, innspelsrundar og mange har tatt direkte kontakt. Samfunnsplanen skal beskrive utfordringane og tiltak på overordna nivå for dei neste tolv åra, medan arealplanen vil legge føringar for bruken av arealet i kommunen. Folketalet blir kommunen største utfordring. Statistikken viser ein jamn nedgang dei siste 15 åra og arbeidet med å snu denne trenden vil vera hovudoppgåva dei neste åra.

Tidlegare i haust var det Stortingsval. Resultatet viser at det framleis vil bli ein blåblå regjering, men truleg med mindre støtte enn i førre periode. Høgre/FRP har lagt fram sitt forslag til statsbudsjett og forhandlingane er i gang. Som ordførar i ein distriktskommune er ein sjølvsagt engasjera, og når ein ser det framlagte forslaget blir ein skuffa på vegne av distrikta. Det ligg inne mange kutt i distriktspolitiske ordningar som kommunane kunne søkje på og bruke til utvikle lokalsamfunna. I tillegg ser ein at tendensen med sentralisering fortsett og staten hentar inn inntekter som kommunane tidlegare hadde som for eksempel på kraftproduksjon.

Inntektsramma for dei frie inntektene for Kviteseid kommune er nå kjent og inntektene har ein auke på 2,1% frå 2016, dette er mindre enn den reelle prisveksten. Kommunen får òg mindre inntekter via innbyggjartilskotet pga. nedgang i folketalet. Det betyr at det blir eit utfordrande budsjettarbeid framover og ein hard kamp for å få eit godt budsjett i balanse.

Eg minner til slutt om at nå er det reflekstid og pass på, det kan bli glatte vegar så det er viktig at ein er forsiktig, enten som gåande eller som bilist.

 

Tarjei Gjelstad

Ordførar

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk