Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Oktober 2015

Til alle i Kviteseid kommune

Fyrst og fremst takk for tilliten, og på vegne av AP, KRF og V ser me fram til eit godt samarbeid med alle i den flotte kommunen vår. Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva som Kviteseid sin nye ordførar dei neste fire åra, og vera lagleiar på eit lag der eg veit alle har eit felles ynskje.

At Kviteseid kommune skal vera ein endå betre stad å bu.

Etter valet 2015 har Kviteseid kommune fått ei god blanding av nye og erfarne  kommunestyrerepresentantar. Denne «miksen» av erfarne og garva politikarar saman med nye og nysgjerrige debutantar gjer at det blir ei god blanding av kompetanse. Denne gruppa vil kunne ta dei store diskusjonane framover og gjere dei gode vedtaka.

Samarbeid er viktig, og eg håpar at personar, bedrifter og lag tek kontakt for å «lufte» gode tankar og idear. Eg vil prøve å skape til møteplassar der ein kan tenke samarbeid på tvers av fag og interesser, og der ein dra nytte av kvarandre sine erfaringar.

Brått opplever me at verda ikkje er så stor, og det me ser i TV-ruta kjem på nært hald. Aldri har så mange personar vore på flukt, og Noreg har forplikta seg til å ta sin del av denne dugnaden. I nokre månadar nå vil Kviteseid kommune vera ein viktig del av mottaks-apparatet. Morgedal Hotell og Vrådal Ferieleiligheter (tidlegare Vrådal Hotell) har avtale med Utlendingsdirektoratet (UDI) som akutt mottakssenter. Det betyr at flyktningar som kjem til Noreg, blir sendt til hotella og er der i ein kort periode før dei skal vidare til meir permanente mottak. For oss som bur i kommunen vil ein oppleve mange personar som ein ikkje kjenner og kanskje føler seg litt usikker på. Tilbakemeldingane frå hotella, helsevesen og politi er positive, dette er gjester som ynskjer fred og ro etter for mange ei tøff og hard reise. Kommunen vil få litt ekstra arbeid som vertskommune, det vil vera litt ekstra press på legesenteret, men kommunen vil få dekt auka utgifter så lenge denne perioden varer.

Det er viktig at du tek kontakt med hotella eller kommunen om du er usikker eller opplever både positive eller negative hendingar. Det same gjelder om du ynskjer å bidra med hjelp.

Kommunereforma fortsett og etter planen skal Kviteseid kommune i juni 2016 ta stilling til om me skal slå oss saman med andre kommunar. Før den tid skal dykk innbyggarar ta stilling til dette og gje oss politikarar gode råd. Det vart ingen storkommune i Vest-Telemark, og for Kviteseid er det samanslåing med naboane Nissedal og Seljord som er mest aktuelt. Parallelt så blir det òg arbeid med å sjå på samarbeidsløysingar for heile Vest-Telemark. Det er ei eiga nettside som tek for seg kommunereforma i Vest-Telemark. Ved å klikke her kan du lese meir om prosessen.

Utfordringane blir mange framover. Statsbudsjettet for 2016 vart ingen gladmelding for Kviteseid kommune. Auken i overføringane vil truleg bli mindre enn den generelle pris- og lønsveksten. Budsjettarbeidet er i gang, og det blir tøft å få til eit budsjett i balanse eller helst med eit overskot som kan brukast til investeringar. Nok ein gong blir det å snu alle steinar.

Eg er optimistisk og saman med ein god gjeng medarbeidar skal Kviteseid kommune ta utfordringane og framleis levere gode, tilpassa kommunale tenester.

Med beste helsing

Tarjei Gjelstad
Ordførar

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk