Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Nyttårshelsing 2018

Nyttårshelsing 2018

Godt nyttår til alle saman

Det er for tida gode is- og snoforhold som kan tyde på at både skøyte- og skientusiaster får fine forhold framover.
Det er køyrt spor i skiløypene, Vrådal Panorama skisenter har vore i drift i fleire veker og på isane kan ein sjå både ungar og vaksne som kosar seg.
Nå er det tid for skikarusellrenn rundt omkring i ljosløypene i Kviteseid kommune, eg håpar at samarbeid og koordinering av tidspunkt kan gjerast slik at flest mogeleg får nytta dei fine forholda.

Overgangen til 2018 førte med seg nye oppgåver til kommunane, nå har borgarleg (livsnøytral) vigsel blitt overført til kommunane.
Ordførar og varaordførar er gjeve vigselrett direkte i lova (ekteskaps-lova §12). I tillegg har kommunestyret i Kviteseid gjeve rådmannen vigselrett.
Eg hadde min debut som vigslar 1. nyttårsdag, eit hyggeleg oppdrag som start på det nye året.
Ta gjerne kontakt om de ynskjer meir info om den nye ordninga.

Budsjettet for 2018 er stramt, men kommunestyret har vedteke fleire større investeringsprosjekt dette året.
Modernisering av Kviteseid skule, bygging av utleigeeiningar på Husstøyl og tilrettelegging for nye bustadområder/industriområder er dei største postane.
Dette er viktige tiltak for auke attraktiviteten til Kviteseid kommune og for at fleire busett seg i kommunen.

Det er stadig vekk kåringar og samanlikningar mellom kommunane. Det er ulike meiningar om kor realistiske desse tala er, men statistikk er nok det nærmaste ein kjem sanninga. Effektivitetsbarometer, KOSTRA (samanlikning av tenester og økonomi), kulturbarometer, sjukefråvær og kommune-NM er eksempel på undersøkingar som var gjort i 2017. Det er med glede eg ser at Kviteseid kommune klatrar rett veg på desse kåringane dei siste to åra og at me plasserer oss i den beste tredjedel både i landet og i fylket. Det betyr at kommunen gjer mykje rett og ikkje minst, det er innsatsen frå dei tilsette, som dagleg leverar gode kommunale tenester, som legg grunnlaget for dei gode resultata.

Ekstra gledeleg er at både riksmedia og andre kommunar legg merke til korleis Kviteseid kommune løyser sine utfordringar. Innsatsen som er gjort på KOS med tanke på å få ned sjukefråværet er eit godt eksempel. Tydeleg leiing og eit godt samarbeid med tilsette/tillitsvalte har gjeve resultat som gjer at andre kommunar vil lære av Kviteseid.

Takk for innsatsen i 2017 og med ynskje om eit godt samarbeid i 2018.

 

Med beste helsing

Tarjei Gjelstad

Ordførar

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk