Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Jolehelsing 2018

Budsjettet for 2019 var det siste budsjettet som dette kommunestyret vedtok. Det har vore ein god og open prosess i budsjettarbeidet og både innbyggjarar og politikarar har hatt høve til å kome med innspel. Rådmannen sitt framlegg til budsjett vart justera av formannskapet 29.november og lagt ut til offentleg ettersyn fram til kommunestyret 13. desember. Kommunestyret vedtok samrøystes budsjettet med ei endring om å gje tilskot til drift av bygdekinoen i 2019. .

Politikarane i kommunestyret i Kviteseid har hatt eit felles tverrpolitisk ynskje i denne perioden:

Å gjera Kviteseid kommune til ein endå betre stad å bu.

Og neste års budsjett meiner eg legg til rette for å gjere Kviteseid til ein endå meir attraktiv stad å busette seg i. Det vil skje fysiske tiltak som innbyggjarane i Kviteseid vil merke. Modernisering av Kviteseid skule, 2,5 millionar til dei kommunale vegane, fiberutbygging og satsinga på VA-renovering er konkrete tiltak i 2019 budsjettet. Det er òg gledeleg å sjå at dei kommunale avgiftene samla går ned med 3%. Like gledeleg er å sjå at mange av dei andre kommunale satsane og tenestene som kulturskulen, tryggleiksalarm, SFO, heimetenestene og barnehage har ingen eller ein veldig liten auke.

Eg er veldig glad for at kommunestyret har sagt ja til sommarope SFO. Det var eit stort ynskje frå foreldre at me fann ei løysing på dette og eg håpar at tilbodet vil bli tatt i godt imot. Dei som jobbar i kommunen er vår viktigaste ressurs for å gjennomføre kommunestyret sine vedtak i praksis så eg er òg glad for at velferdspengane kom inn att i budsjettet.

I økonomiplanen ser ein at det strammar seg til framover. Rådmannen åtvarar mot bruken av disposisjonsfond og det skal lokalpolitikarane ta på alvor. Eg delar rådmannen sin bekymring delvis.

I 2014 var fondskapitalen i Kviteseid 13, 8 mill., nå i utgangen av 2018 er disposisjonsfonda nesten 28 millionar. Det er ein dobling der mesteparten av auka er på ubunde fond som betyr at det er pengar som kommunen delvis fritt kan bruke. Kommunesektorens organisasjon (KS) anbefaler 5 – 7 % av arbeidskapitalen bør stå på fond, Kviteseid kommune har 12%.

I min private bruk av pengar så er prinsippet at eg sparar pengar når eg kan og så brukar eg sparekontoen til å kjøpe ting eg har ekstra lyst på eller når ikkje planlagde utgifter brått dukkar opp.. Dette prinsippet styrer kommunestyret i Kviteseid etter òg,  for dei neste åra brukar kommunestyret av sparepengane/disposisjonsfondet til å modernisere Kviteseid skule, satse ekstra på IKT, barn og unge. Dette ville alle i kommunestyret og då er det rett å bruke sparepengane.

Men, det er alltid eit men. Med dei investeringane som er planlagt dei neste fire åra, totalt 98,5 millionar, og stadig nye krav til tenestene, gjer at kommunen må ta grep for å harmonisere utgiftene med inntektene. Me har råd til å bruke tid til å gjere gode vurderingar for å gjere dei rette tiltaka og vedtaka pga. av fondsmidlane.

Kven som bestemmer det neste budsjettet veit me ikkje, det vil valet i september 2019 avgjere. Oppmodinga til dei som skal overta er å gjere som dette kommunestyret har gjort. Lytt til rådmannens signal og at ein sparar når ein kan slik at ein kan bruk pengar når ein ynskjer å gjere noko ekstra.

Til alle i Kviteseid kommune. Ha ei god jol og eit godt nyttår.

Med beste helsing

Tarjei Gjelstad, ordførar


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk