Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Jolehelsing 2016

Det nærmar seg slutten av endå eit år, og eit nytt ubruka år står for tur. I kommunestyremøte 15. desember vedtok kommunestyret dei økonomiske rammene for neste åra. Budsjett og økonomiplan er meir enn bare tal, det er òg eit verktøy for korleis ein ynskjer utviklinga i kommunen.

Eit samrøysta kommunestyre er einig i at Kviteseid skule skal rustast opp, og målet er at i 2019 skal skulen ha ein kvalitet som tilfredstillar dagens og framtidas krav. Forprosjektet i 2017 vil gje svar på kva som må gjerast for å nå desse målsetningane. Det er viktig at Kviteseid får ein skule som gje elevane ein god læringsarena og lærarane betre arbeidsvilkår. Alle elevane i kommunen skal avslutte sin 10-årig skulegang på Kviteseid skule, og det er viktig at skulen inspirerer til læring og utvikling.

Like klart er det at ein ikkje ynskjer å røre på barnehage- og skulestrukturen. Rådmannen hadde i sitt budsjett forslag om å legge ned 1.-4. klasse ved Brunkeberg Oppvekstsenter frå 2019 som ein del av finansieringa av oppussinga på Kviteseid skule. Politisk var det ikkje vilje til det. Skulestruktur og elevtal vil likevel bli ein utfordring framover, det er i utgangspunktet plass til alle elevane i Kviteseid kommune samla på ein skule.

Det investerast og byggast mykje i kommunen i desse tider. Kommunen sjølv bygger åtte nye omsorgsbustadar på Midtsundtoppen. Det er naudsynt med tanke på at befolkninga i Kviteseid stadig blir eldre og ein ynskjer å ha tilbod i nærleiken til butikkar og andre tenester. I Vrådal, langs fylkesveg 38, er arbeidet i gang med ny GS-veg frå Vrådal sentrum til fotballbanen. Dette er pga. stort engasjement frå Vrådal, ein stor takk til eldsjelene som har stått på for å realisere denne GS-vegen. I Morgedal har Statens Vegvesen sett opp gateljos ved innkøyringa til sentrum, og på nyåret skal E134 frå Morgedal mot Høydalsmo utbetrast for fleire hundre millionar kroner. Dette er viktig med tanke på flaskehalsane som er på denne strekninga.

Når ein summerer opp 2016 så er ordet reform mykje bruka. Kommunereform, regionreform og nærpolitireform er eksempel på reformer Regjering og Storting har pressa på kommunane. Lokalpolitikarar og administrasjon landet rundt har bruka mykje tid på dette arbeidet. Engasjementet og resultata har vore varierande. Tiltak som kjem frå toppen og ned har erfaringsmessig liten suksess, reformer bør starte frå grasrota, det er dei som er mest vellykka.  

Dei ca. 220 årsverka kommunen har gjer alle ein framifrå innsats, og alle er like viktige for å gje dei tenestene innbyggjarane forventar og fortener. Samanliknar ein Kviteseid med andre kommunar så viser statistikken at innbyggjarane i Kviteseid får gode tenester til ein effektiv drift. Eg takkar alle tilsette for innsatsen i 2016 og ser fram til meir samarbeid i 2017.

Det å vera lokalpolitikar betyr dugnadsarbeid, kommunen sin møtegodtgjering har ikkje det nivået som ein kan lese om andre stadar. Godtgjeringa dekker lite av den tida som ein politikar må bruke til å gjere seg kjent med saker og til møte. Det er eit godt politisk klima i kommunen og alle seks parti har som mål å gjera Kviteseid til ein endå betre stad å bu. Eg takkar alle politikarar for samarbeidet i 2016 og ser fram til nye politiske utfordringar i 2017.


God jol og eit godt nyttår

Tarjei

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk