Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Jolehelsing 2015

Ei jolehelsing til alle i Kviteseid kommune:

Skal ein bruke eit ord som kan summere opp hausten 2015 er det engasjement. I nynorskordboka på nett er engasjement definera som «(sterk) interesse, oppgløding». Ved fleire høve denne hausten har kviteseidingane vist både sterk interesse og kampglød.

I haustens budsjettdebatt vart skulestruktursaken eit «heit» tema. I rådmannen sitt budsjettforslag foreslo han å legge ned Brunkeberg skule (1.-4. klasse) og flytte mellomtrinnet (5.-7. klasse) frå Straumsnes skule, og samle desse klassetrinna på Kviteseid skule. Dette forslaget var det mange som ikkje var einige i, både foreldre, besteforeldre og andre engasjera seg i saken med både gode og mindre gode argument. Politikarane i Kviteseid kommune var delt i denne saka, og drøftingane var gode både på dei offisielle arenaene og i medlemsmøta. Vedtaket som vart gjort i kommunestyret 17. desember håpar eg vil gje ro, og at innsatsen framover konsentrerer seg om å gjere skulane våre endå betre.

Bakgrunnen til rådmannen sitt forslag er kommunen sine økonomiske utfordringar. Mindre overføringar frå dagens regjering gjer at kommunen får ein veldig trong økonomi framover. Kommunens inntekter er bl.a. avhengige av folketalet, det har dessverre i lang tid vore fallande og ein må tenke nytt rundt kommunen sitt tenestetilbod. Kommunen kan skaffe seg inntekter og ein større økonomisk handlefridom ved å føre inn generell eigedomsskatt, og ikkje bare på verk og bruk som det er i dag. Når denne tanken vart lansera i haust vart det sjølvsagt engasjement, både med lesarinnlegg, telefonar og bra oppmøte på kommunen sitt infomøte om eigedomskatten. Mange såg positivt på skatten då den kunne brukast til å utvikle kommunen, medan næringslivet var veldig skeptiske til endå fleire kostnadar. Før kommunen innfører ein eventuell generell eigedomsskatt skal 2016 brukast til å greie ut konsekvensar for private og ikkje minst for næringslivet. Dette arbeidet skal leggast til grunn for budsjetthandsaming hausten 2016 og ei eventuell innføring frå 2018.

Flyktningstraumen til Noreg var til tider enorm i haust. UDI var under eit stort press og gjorde avtalar med private aktørar utan at kommunane var informera i forkant. I Kviteseid fekk me heller ikkje lang tid på forhand då både Morgedal hotell og Vrådal Ferieleiligheter (tidlegare Vrådal hotell) vart fylt opp med 385 plassar. Igjen var det engasjement. Frivillige stilte opp. Innsamling av klede og organisering av aktivitetar vart gjort både av lokale folk og med hjelp av lag/organisasjonar frå nabokommunar. Dårleg/manglande kommunikasjon har òg ført til at folk har vore skeptiske og ytra seg negativt. Det er ofte ein naturleg reaksjon når ein er usikker og har lite informasjon.  Tilbakemeldingane er at Vrådal avsluttar mottaket midt i januar og i Morgedal vil det bli normal hotelldrift frå slutten av juni 2016.

Eg er imponera over kommunens administrasjon og ikkje minst korleis helsetenestene blir organisera i denne situasjonen. Eg vil nytte høve til å takke alle, frivillige og tilsette, som bidreg i denne spesielle situasjonen Kviteseid er i og som vil vare ved i litt tid til framover.

Takk for alle initiativ og for engasjementet i 2015. Eg håpar at engasjementet til kviteseidingane blir med over i 2016. Allereie 28. januar skal kommunestyret handsame intensjonsavtala om ein eventuell kommunesamanslåing mellom kommunane Nissedal og Seljord. Vinteren og våren skal brukast for å få høyre innbyggjarane sin meining og det er viktig at du seier frå kva du meiner om framtidig kommunestruktur.

Til slutt, ha ei god jol og eit godt nyttår.

Med beste helsing

Tarjei Gjelstad
Ordførar i Kviteseid kommune

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk