Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Haust 2016

Hausten er for mange ei tid ein gler seg til. Reinsjakt, bukkejakt, småviltjakt eller elgjakt er høgdepunktet for mange kviteseidingar. 
Mange jegerar har gjennomført treningsskot, tatt jaktprøva og er klare for å jakte både i Kviteseid sine skogar og utanfor kommunen. 
Ei fin tid der naturopplevingar blir knytt saman med spaning og sosialt samhald.

Hausten betyr budsjettarbeid, både for administrasjon og for politikarane. 
Endeleg økonomisk ramme for 2017 er ikkje klar ennå, den får me presentera når regjeringa legg fram statsbudsjettet. 
Me er førebudd på at 2017 vil bli eit vanskeleg år, og med lite rom for å kunne gjere dei store tiltaka.

Formannskapet har saman med administrasjonen vurdera tiltak og konsekvensar. 
Det er brei politisk semje i at Kviteseid skule treng ein skikkeleg opprusting. 
Kva det vil koste veit me ikkje nå, men administrasjonen har fått som oppgåve å utgreie fleire alternativ. 
IKT er eit anna satsingsområdet me vil prioritere, dette er avgjerande for å halde tritt med utviklinga.

Administrasjonen har òg presentera ei utgreiing og konsekvensvurdering av innføring av generell eigedomsskatt i kommunen. 
Det er sjølvsagt fristande når ein ser kva økonomisk mogelegheit ein kan skaffe seg, og få gjennomført heilt nødvendige vedlikehaldstiltak og investeringar som alle kan ha glede av. 
For ein gjennomsnittleg bustad vil det bety ein ekstra skatt på kr. 2 000-3 000,-. 
Utfordringa er sjølvsagt næringslivet, dei som har store areal vil få ei ekstra belasting. 
Pr. i dag er det ikkje politisk vilje for å innføre eigedomsskatt.

Revidering av kommuneplanar vil bli prioritera framover. Samfunnsdelen er frå 1996 og trengt sårt eit nytt innhald. 
Eg håpar at innbyggjarane engasjerer seg minst like mykje i det arbeidet som med kommunereform, det er nå ein skal stake ut kursen for dei neste 10 -15 åra. Arealdelen av planen er frå 2006, og når samfunnsdelen er klar vil ein sjå om ein må revidere arealplanen for tilpasse dei til kvarandre. Ta gjerne kontakt allereie nå, eg ynskjer mange innspel i dette arbeidet.

I slutten av september fekk kommunen ei gledeleg melding, Kviteseid kommune får midlar til å etablere ein friviljugsentral.
Arbeidet med dette vil snart starte opp, og eg håpar at dette vil bli eit tiltak der ein kan jobbe på tvers av alle frivillige organisasjonar i kommunen og samordne alle gode krefter.

Hausten betyr òg at det blir vinter snart. For ein som er glad i ski er det bare å vente på snoen og gle seg til dei fyrste skiturane.

Ha ein fin og fargerik haust.

 

Tarjei Gjelstad
Ordførar

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk