Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Februar 2016

Til kviteseidingane:

Det nye året er godt i gang og den fyrste månaden har vore prega av eit litt uvanleg januarvær. Me har opplevd både mange minusgrader og dagar med varmegrader, og ikkje minst veldig lite sno. For oss som er glade i ski er det ikkje ein vinter me vil hugse med glede,  medan dei som har fast pris på brøyting er sikkert nøgde.

For oss politikarar og hjå mange andre så er det kommunereforma som er det store samtaleemne.  Eg registrerar at det er stor aktivitet i kommunar rundt omkring i landet. Det dukkar opp nye konstellasjonar, og det er pr. slutten av januar vanskeleg å teikne det nye kommunekartet i Noreg.

Kviteseid kommune var tidleg ute med sitt arbeid, allereie 12. februar 2014 gjorde kommunestyret eit samrøysta vedtak om å greie ut ein kommunesamanslåing i Vest-Telemark. Sidan den tid har Kviteseid kommune vore aktiv med i utgreiingsarbeidet både med tanke på samanslåing og meir interkommunalt samarbeid.

Kommunestyret sitt vedtak frå februar 2014 om ein kommune i Vest-Telemark vart tidleg skrinlagt, det var ikkje politisk vilje til frå Fyresdal, Tokke og Vinje om ein stor kommune.  Kommunane Kviteseid, Nissedal og Seljord fortsette samtalane og ei felles intensjonsavtale, den fyrste i Telemark,  vart lagt fram i kommunestyra 28. januar. Kviteseid og Nissedal sine vedtak var positive til intensjonsavtala, medan politikarane i Seljord ikkje var nøgde med avtala dei sjølve hadde vore med forhandla fram.

Dei meinte at avtala for Seljord var for dårleg pga. ordførar og rådmann skulle ha sete i Kviteseid. Forslaget om å plassere hovudadministrasjonen i Kviteseid kom frå forhandlingsutvalet frå Seljord. Grunngjevinga var at ein skulle bygge ein ny kommune, og då var det naturleg at hovudadministrasjonen låg i sentrum når forholda låg til rette for det. Eit fornuftig val med tanke på avstandar frå ytterpunkta i den nye kommunen.

Det betyr at forhandlingsutvala må møtast på nytt for å drøfte om ein skal fortsette prosessen og starte nye forhandlingar, eller sei at dessverre me lukkast ikkje. Kva resultatet blir vil eg ikkje spå, men eg registrerar at kommunestyra i Kviteseid og Nissedal understreka at dagens avtale var god og det var den som la grunnlaget for eit ynskje om eit vidare arbeid.

Planen var å sende intensjonsavtala ut på høyring til innbyggarane og få ei tilbakemelding. Sidan det nå ikkje er noko avtale blir ei eventuell høyring utsatt.

I løpet av juni månad må politikarane i Kviteseid bestemme om Kviteseid skal fortsette som ein kommune med meir interkommunalt samarbeid eller om Kviteseid skal slå seg saman med andre kommunar. Det same må politikarane i våre nabokommunar.

Det blir ein spanande vår. Eg håpar at me får mange innspel i dette arbeidet. Vedtaket som kommunestyret i Kviteseid må gjere i løpet av våren må vera framtidsretta, og utforma slik at ein kan takle det ein vil møte av utfordringar både nå og om 20 år. Det er kvaliteten på framtidas kommunale tenester til innbyggarane i Kviteseid kommune som skal avgjerast.

 

Tarjei Gjelstad

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk