Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ledige stillingar

LEDIGE STILLINGAR

Ved Eining for funksjonshemma er fylgjande stillingar ledige:

Vernepleiar ID-901, 100 % fast, tilsetjing frå 01.06.2019
Vernepleiar ID-902, 100 % fast, tilsetjing frå 01.08.2019
Vernepleiar ID-903, 80 % fast, tilsetjing frå 01.08.2019

Arbeidsoppgåver:

Stillingane inneber turnus kvar tredje helg, og er dela mellom arbeid i skule/barnehage med funksjonshemma barn og i bustad for utviklingshemma.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning
  • Erfaring frå arbeid med utviklingshemma
  • Evne til målretta og sjølvstendig arbeid
  • Evne til å kommunisere og løyse oppgåver i samarbeid med andre
  • Du må kunne norsk munnleg og skriftleg godt
  • Førarkort kl B

Me kan tilby:

  • Spanande faglege utfordringar
  • Arbeid i eit godt miljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Fullstendig kunngjeringstekst med link til elektronisk søknadsskjema: www.kviteseid.kommune.no.

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

Spørsmål kan rettast til einingsleiar Pauline G. Nordbø på tlf. 350 68 161/901 88 625.

          

Søknadsfrist:  28.04.2019


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk