Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID 961 - Einingsleiar

Mellom fjord og fjell sentralt i hjarta av Vest-Telemark, ligg Kviteseid kommune. Vakker natur med Telemarkskanalen og skisporten si vogge har gjort reiseliv til ei viktig næring. Kommunen har eit godt tenestetilbod som skårar høgt på nasjonale rangeringar. Eit omfattande interkommunalt samarbeid, der mange tenester er lokalisert i kommunen, gjev grunnlag for god kvalitet og spanande faglege nettverk.

Kviteseid omsorgssenter er ein sjukeheim med 41 plassar. Det er om lag 32 årsverk ved sjukeheimen. Kviteseid omsorgssenter ligg sentralt og fint til med utsikt over Sundkilen i nærleiken av kommunen sine omsorgsbustadar. Heimesjukepleia og eining for kjøken og vaskeri held også til på sjukeheimen. Det er eit godt samarbeid mellom einingane. 

LEDIG STILLING

Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stilling ledig:

Einingsleiar, ID-961, 100% fast stilling, ledig frå 01.10.2019.

Arbeidsoppgåver:

  • Fag-, personal-, budsjett-, og økonomiansvar for eininga
  • Leie og motivere medarbeidarane
  • Medverke til god samhandling mellom einingane i PLO

Deltaking på leiarnivå i kommunen.

Me søkjer ein autorisert sjukepleiar som har/er:

  • Leiarutdanning/leiarerfaring
  • Gode faglege kunnskapar
  • Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
  • Fleksibel, god på refleksjon og er løysingsorientert
  • Tydeleg leiar

Me kan tilby:

  • Ein utfordrande og spennande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • God pensjonsordning
  • Løn etter avtale

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Fullstendig kunngjeringstekst med link til elektronisk søknadsskjema: www.kviteseid.kommune.no

 

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

Spørsmål kan rettast til kommunalsjef Olav O. Kaasatlf.: 35 06 81 30/91 30 15 56

Søknadsfrist: 25.09.2019


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk