Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID 924 - Kommunalsjef samfunnsutvikling og teknisk drift

Mellom fjord og fjell sentralt i hjarta av Vest-Telemark, ligg Kviteseid kommune. Vakker natur med Telemarkskanalen og skisportens vogge har gjort reiseliv til ei viktig næring. Kommunen har eit godt tenestetilbod som skårar høgt på nasjonale rangeringar. Eit omfattande interkommunalt samarbeid, der mange tenester er lokalisert i kommunen, gjev grunnlag for god kvalitet og spannande faglege nettverk.

Kviteseid har fleire kompetansemiljø innan offentleg tenesteyting: Barnevernsamarbeidet i

Vest-Telemark og Vest Telemark PPT. Kviteseid har landets einaste samlokalisera domstol med Vest-Telemark tingrett og Øvre Telemark Jordskifterett. Kviteseid er også kontorstad for fleire regionale samarbeidstiltak som Vest-Telemarkrådet, Telemark Næringshage. Kviteseid har vidaregåande skule, Kvitsund Gymnas.

LEDIG STILLING

 Ved samfunnsutvikling og teknisk drift er følgjande stilling ledig:

 

Kommunalsjef samfunnsutvikling og teknisk drift ID 924,100 %, fast.

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna ansvar for planlegging, økonomistyring og resultatvurdering av fagområda kommunalteknikk, landbruk, næring, kultur, eigedom og brann
  • Medverke til aktiv framdrift i gjennomføring av kommunen sine planaktivitetar
  • Aktiv bidragsytar i rådmannen si leiargruppe

Kvalifikasjonar:

  • Høgare teknisk utdanning og leiarerfaring frå relevante fagområde
  • Bakgrunn ingeniørfag eller liknande er ønskeleg
  • Kjennskap til politisk og offentleg forvalting
  • Erfaring med ulike samfunnsaktørar sine interesser i planprosessar

Personlege eigenskaper:

  • Inkluderande leiarstil, og god på relasjonsbygging og dialog
  • Engasjement, fleksibilitet og godt humør

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Fullstendig kunngjeringstekst med link til elektronisk søknadsskjema: www.kviteseid.kommune.no.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

Spørsmål kan rettast til Rådmann Øystein Tveit på tlf. 350 68 136 / 900 86 575

         

Søknadsfrist: 10.06.19


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk