Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID 896 - Spesialpedagog

Kviteseid barnehage ligg saman med Kviteseid skule i nærleiken av Kviteseid sentrum. Barnehagen har 59 plassar for born i alderen 1-5 år.

Brunkeberg oppvekstsenter har 48 plassar for born i alderen 1-5 år.

Straumsnes oppvekstsenter ligg i Vrådal og har 18 plassar for born i alderen 1-5 år.

LEDIG STILLING

Ved Kviteseid kommune, barnehagane er følgjande stilling ledig:

Spesialpedagog ID 896, 80 -100%, vikariat, tilsetjing barnehageåret 2019-2020.

Kviteseid kommune har ledig vikariat i 80 % stilling som spesialpedagog i barnehagane barnehageåret 2019-2020. Det er moglegheit for at vikariatet kan bli forlenga. Det er ynskjeleg med spesialpedagog med fordjuping i logopedi, men ikkje eit krav. I så fall vil stillingstorleiken vera 100%.

Arbeidsoppgåver:

  • Som spesialpedagog i barnehagane er hovudoppgåva di å jobbe med barn som har vedtak om spesialpedagogisk hjelp i alle barnehagane i Kviteseid kommune. Næraste leiar er kommunalsjef skule og barnehage.

Kvalifikasjonar:

  • Høgskule/universitetsutdanning som spesialpedagog, gjerne med fordjuping i logopedi
  • Du må ha førarkort og stille eigen bil til disposisjon.

Personlege eigenskapar:

  • Gode faglege kunnskapar, interesse og engasjement for faget
  • Gode munnlege og skriftlege ferdigheitar
  • Evne til å jobbe sjølvstendig er avgjerande
  • Løysingsorientert og fleksibel
  • Positiv og imøtekomande
  • Gode evner til samarbeid, både med barn, føresette, tilsette og hjelpeinstansar

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.

Fullstendig kunngjeringstekst med link til elektronisk søknadsskjema: www.kviteseid.kommune.no.

Attestar og vitnemål må leggast ved den elektronisk søknaden.

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med kommunalsjef skule og barnehage ved

Ingunn Haugland på tlf. 350 68 118 / 924 240 86.

Søknadsfrist: 05.04.2019


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk