Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID 895 - Pedagogiske leiarar

Kviteseid barnehage ligg saman med Kviteseid skule i nærleiken av Kviteseid sentrum. Barnehagen har 59 plassar for born i alderen 1-5 år.

Brunkeberg oppvekstsenter har 48 plassar for born i alderen 1-5 år.

Straumsnes oppvekstsenter ligg i Vrådal og har 18 plassar for born i alderen 1-5 år.

LEDIGE STILLINGAR

Ved barnehagane i Kviteseid kommune er følgjande stillingar ledige:

Pedagogiske leiarar ID 895,  100%, fast / vikariat, tilsetjing barnehageåret 2019-2020.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent og gjennomført 3-årig barnehagelærarutdanning eller anna relevant høgskuleutdanning med barnehagepedagogikk
  • Gode faglege kunnskapar og interesse for fagleg utviklingsarbeid
  • Kviteseid kommune har gjennom fleire år hatt språk som satsingsområde, og interesse/vidareutdanning i arbeid med språkutvikling er ynskjeleg
  • Interesse for pedagogisk bruk av IKT er ynskjeleg
  • Gode munnlege og skriftlege ferdigheitar

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å bygge og leie gode team
  • Løysingsorientert, fleksibel og gode samarbeidsevner
  • Engasjert, leiken og ansvarsfull

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.

Fullstendig kunngjeringstekst med link til elektronisk søknadsskjema: www.kviteseid.kommune.no.

Attestar og vitnemål må leggast ved den elektronisk søknaden.

Har du spørsmål om stillingane, ta kontakt med:

Eva Lundeberg, Kviteseid barnehage tlf. 350 55 310 / 908 58 144

Anne Helen Berge, Brunkeberg oppvekstsenter tlf. 350 55 360 / 911 53 737

Mari Anette Solvang, Straumsnes oppvekstsenter tlf.350 55 325 / 476 36 311

Søknadsfrist: 05.04.2019


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk