Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID 894 - Undervisningsstillingar

Kviteseid kommune har følgjande stillingar ledige:

Undervisningsstillingar ID- 894 , tilsetjing for skuleåret 2019/20

Både faste stillingar og vikariat kan vera aktuelt.

Kviteseid kommune har fylgjande einingar for skule:

Brunkeberg oppvekstsenter 1.-4. årstrinn, få delt skule

Straumsnes oppvekstsenter 1.-4. årstrinn, få delt skule

Kviteseid skule 1.-10. årstrinn

Alle fag og trinn er aktuelle, men det er særleg trong for fylgjande kompetanse: Begynnaropplæring 1.- 4.trinn i alle fag, norsk for fleirspråklege, spesialpedagogikk, kunst og handverk og musikk. Kontaktlæraransvar er aktuelt. 

Utdanning/kvalifikasjonskrav:

  • Fullført og godkjent lærarutdanning eller annan relevant utdanning med pedagogikk (PPU)
  • Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar :

  • God på relasjonsbygging
  • Trygg klasseleiar,
  • Evne til å skape eit godt læringsmiljø
  • Gode pedagogiske ferdigheitar
  • Fleksibel og med gode samarbeidsevne

Vi kan tilby variasjon i arbeidet, engasjerte kollegaer, gode samarbeidsforhold og fagleg utvikling.

Tilsetting vil skje i samsvar med aktuelle lovar, reglement og avtaler.

Kunngjeringstekst med link til elektronisk søknadsskjema: www.kviteseid.kommune.no.

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. Har du spørsmål om stillingane, ta kontakt med Sigrun Kvamme, rektor Tlf. 971 267 36.

Søknadsfrist: 22.03.19

Den som blir tilsett må levere politiattest jf. Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa § 10.9.


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk