Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID 886 - Fastlege

Fastlege, ID-886, 100% fast stilling ledig frå 01.05.19.

Kviteseid helsesenter har eit spennande tverrfagleg miljø, med legekontor, helsestasjon, jordmor, psykiatriteneste og fysioterapiteneste. Helsesenteret har dyktige og sjølvstendige medarbeidarar, med til saman omlag 15 årsverk.

På legekontoret er det tre fastlegar, turnuskandidat, helsesekretærar, sjukepleiarar og bioingeniør. Me har legevaktsamarbeid med Seljord kommune.

Arbeidsoppgåver:

  • Kurativt legearbeid inkl. helsestasjonsarbeid
  • Deltaking i interkommunal legevakt
  • Tverrfagleg samarbeid

Me kan tilby:

  • Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
  • Fastløn etter avtale og kvalifikasjonar
  • Fast arbeidstid
  • 4 mnd. utdanningspermisjon kvart 3. år
  • 2 x 5 dagar ekstra fri med løn per år til utdanning/kursing
  • Tilrettelegging for vidareutdanning, tilsvarande ALIS
  • Kommunen kan hjelpe til med å finne husvære og har fleire byggeklare bustadtomter
  • Full barnehagedekning i kommunen
  • Vidaregåande skule i kommunen og i nabokommunane

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som lege. Fullført LIS1
  • Må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Interesse for fagutvikling
  • Må ha førarkort og disponere eigen bil

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Dagens fastlegeliste er pr. dags dato 500, men har eit tak på 900. Dette kan bli endra.

Ved tilsetjing må politiattest av ny dato leggast fram.

Link til elektronisk søknadsskjema: www.kviteseid.kommune.no

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. Spørsmål kan rettast til kst. einingsleiar Tone Heggtveit på tlf. 35 06 82 64 eller 97 17 64 54, eller til kommuneoverlege Anne Ruth S. Mikalsen på tlf. 35 06 82 50.

Søknadsfrist: 19.03.2019


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk