Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID 884 - Avdelingsleiar ved Brunkeberg oppvekstsenter

Kviteseid kommune har tre einingar for skule. Kviteseid skule er ein 10-årig skule som har ca. 170 elevar. Skulen har SFO-leiar og to avdelingsleiarar, ein for barneskulen og ein for ungdomsskulen. For tida er skulen i gang med ein moderniseringsprosess og skulebygget er planlagt å vera ferdig bygd om til oktober 2019. Brunkeberg oppvekstsenter har 1.-4. trinn og ca. 30 elevar. Straumsnes oppvekstsenter har 1.-4. trinn og ca. 10 elevar. Båe oppvekstsentra har også barnehage. Båe oppvekstsentra har ein avdelingsleiar for skule/SFO og ein fagleiar for barnehage.

Kviteseid kommune har språk som satsingsområde og er «Språkkommune». Saman med dei andre kommunane i Vest-Telemark deltek vi  i «Inkluderende skole- og barnehagemiljø». I tillegg er oppvekstsektoren i gang med eit digitalt utviklingsarbeid i samarbeid med ATEA.

LEDIG STILLING

Kviteseid kommune ved Brunkeberg oppvekstsenter har følgjande stilling ledig frå 01.08.2019

Avdelingsleiar ved Brunkeberg oppvekstsenter -  100% fast stilling (50% leiing og 50% undervisning) -  ID-884

Viktigaste arbeidsoppgåver

  • Det daglege personalansvaret for dei tilsette i skulen. T.d. timeplan, vikar, timelister/fråvær, samarbeid i personalgruppa og oppfølging av tilsette.
  • Leie personalmøte og ev.  leie eller delta på andre typar møte (t.d. tverrfagleg samarbeid, møte med føresette)
  • Deltaking i rektor si leiargruppe
  • Samarbeide om skuleutvikling
  • Medansvar for økonomi og budsjett
  • Ansvar for SFO

Ynskjelege kvalifikasjonar

  • Evne til å leie og organisere arbeidet i personalgruppa til det beste for elevane
  • Gode samarbeidsevner
  • Fagleg kunnskap og engasjement
  • Evne til å leie, motivere og rettleie medarbeidarane mot eit felles mål
  • Evne til god kommunikasjon og å skape positive relasjonar
  • Pedagogisk bakgrunn og erfaring frå skulen, fortrinnsvis småtrinnet
  • Erfaring som leiar i skulen
  • Rektorutdanning eller tilsvarande leiarutdanning

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • Interessante og krevjande oppgåver

For å søkje brukar du elektronisk søknadsskjema som du finn på: www.kviteseid.kommune.no.

                                                                                                                 

Aktuelle søkjarar blir kalla inn på intervju.

Har du spørsmål om stillingane, ta kontakt med Ingunn Haugland, kommunalsjef skule og barnehage Tlf. 350 68 118 eller 924 24 086, eller rektor Sigrun Kvamme 971 26 736.

Søknadsfrist: 21.02.2019

Den som blir tilsett må levere politiattest jf. Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa § 10.9.


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk