Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID 877 - Pedagogisk leiar

Pedagogisk leiar – Straumsnes oppvekstsenter, barnehage – ID 877

Vi har ledig 100% vikariat som pedagogisk leiar frå snarast og fram til 30.06.19. Det er moglegheit for at stillinga held fram.

Barnehagen er ein del av Straumsnes oppvekstsenter og ligg i skjerma og naturskjønne omgjevnader i Vrådal. Barnehagen har 18 plassar med barn frå 1-6 år og har eit tett samarbeid med skulen på oppvekstsenteret (1.-4. trinn).

Barnehagane i Kviteseid jobbar med språk som satsingsområde og nyttar nettressursen «Språkløyper» til dette. Barnehagane i Kviteseid er også med i «Inkluderande barnehage og skulemiljø», saman med alle dei andre barnehagane i Vest-Telemark.

Vi søker deg som:

  • Har barnehagelærarutdanning
  • Har gode leiareigenskaper
  • Erfaring frå personalleiing er ynskjeleg
  • Er positiv og løysningsorientert
  • Har interesse for fagleg utviklingsarbeid og gjerne erfaring frå å drive dette
  • Har gode samarbeidsevner og er fleksibel
  • Likar å vere ute og bruke naturen rundt oss

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest etter Lov om barnehager § 19.

Fullstendig kunngjeringstekst med link til elektronisk søknadsskjema: www.kviteseid.kommune.no.

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. Spørsmål kan rettast til Mari Anette Solvang på tlf. 350 55 325 eller mobil 476 36 311.

Søknadsfrist: 25.01.2019



  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk