Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID 854 - Kommunalsjef samfunnsutvikling og teknisk drift

Kviteseid kommune søkjer etter kommunalsjef (ID-854) i 100 % stilling i eining for samfunnsutvikling og teknisk drift med fag- og personalansvar.

Hovudarbeidsoppgåver i stillinga er:

  • Overordna ansvar for planlegging, økonomistyring og resultatvurdering av fagområda kommunal teknikk, landbruk, næring, kultur, eigedom og brann
  • VA-vaktordning                                                                                                                                                                  
  • Medverke til aktiv framdrift i gjennomføring av kommunen sine planaktivitetar
  • Aktiv bidragsytar i rådmannen si leiargruppe

Me søkjer ein tydeleg leiar med:

  • høgare teknisk utdanning og leiarerfaring frå relevante fagområde
  • god kjennskap til politisk og offentleg forvalting og Plan og bygningslova
  • erfaring med ulike samfunnsaktørar sin interesser i planprosessar
  • inkluderande leiarstil og god på relasjonsbygging og dialog
  • engasjement, fleksibilitet og godt humør                             

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Løn etter avtale. Nynorsk er administrasjonsspråket.

Stillinga er lokalisert på kommunehuset i Kviteseid. Kommunalsjef må disponere eigen bil i tenesta.

Kunngjeringstekst med link til elektronisk søknadsskjema:

www.kviteseid.kommune.no.

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. Spørsmål kan rettast til rådmann Øystein Tveit på tlf. 35 06 81 36 eller 900 86 575.

Søknadsfrist: 03.09.2018


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk