Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID 850 - Avdelingsleiar

Kviteseid kommune har tre einingar for skule. Kviteseid skule er ein 10-årig skule som har ca. 170 elevar. Skulen har SFO-leiar og to avdelingsleiarar, ein for barneskulen og ein for ungdomsskulen. For tida er skulen i gang med ein moderniseringsprosess og skulebygget er planlagt å vera ferdig bygd om til skulestart 2019. Brunkeberg oppvekstsenter har 1.-4. trinn og ca. 30 elevar. Straumsnes oppvekstsenter har 1.-4. trinn og ca. 10 elevar. Båe oppvekstsentra har også barnehage. Båe oppvekstsentra har ein avdelingsleiar og ein fagleiar for barnehage.

Kviteseid kommune har språk som satsingsområde og er med i satsinga «Språkkommune». Frå hausten av vil kommunen saman med dei andre kommunane i Vest-Telemark delta i «Inkluderende skole- og barnehagemiljø». I tillegg er oppvekstsektoren i gang med eit digitalt utviklingsarbeid i samarbeid med ATEA.

Avdelingsleiar ved Brunkeberg oppvekstsenter

2. gongs utlysing

Vi har ledig 100% fast stilling (ID-850) som avdelingsleiar ved Brunkeberg oppvekstsenter. Stillinga er 50% leiing og 50% undervisning.

Viktigaste arbeidsoppgåver

  • Det daglege personalansvaret for dei tilsette i skulen. T.d. timeplan, vikar, timelister/fråvær, samarbeid i personalgruppa og oppfølging av tilsette.
  • Leie personalmøte og ev.  leie eller delta på andre typar møte (t.d. tverrfagleg samarbeid, møte med føresette)
  • Deltaking i rektor si leiargruppe
  • Samarbeide om skuleutvikling
  • Medansvar for økonomi og budsjett
  • Ansvar for SFO

Ynskjelege kvalifikasjonar

  • Evne til å leie og organisere arbeidet i personalgruppa til det beste for elevane
  • Gode samarbeidsevner
  • Fagleg kunnskap og engasjement
  • Evne til å leie, motivere og rettleie medarbeidarane mot eit felles mål
  • Evne til god kommunikasjon og å skape positive relasjonar
  • Pedagogisk bakgrunn og erfaring frå skulen, fortrinnsvis småtrinnet
  • Erfaring som leiar i skulen
  • Rektorutdanning eller tilsvarande leiarutdanning

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • Interessante og krevjande oppgåver

For å søkje brukar du elektronisk søknadsskjema som du finn på: www.kviteseid.kommune.no.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn på intervju.

Har du spørsmål om stillingane, ta kontakt med Ingunn Haugland, kommunalsjef skule og barnehage Tlf. 35068118 eller 92424086, eller rektor Sigrun Kvamme 35055302 eller 97126736.

Søknadsfrist: 31.08.18

Den som blir tilsett må levere politiattest jf. Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa § 10.9.


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk