Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID 834 - Rektor/einingsleiar

Kviteseid kommune har tre einingar for skule. Kviteseid skule er ein 10-årig skule som har ca. 170 elevar. Skulen har SFO-leiar og to avdelingsleiarar, ein for barneskulen og ein for ungdomsskulen. For tida er skulen i gang med ein moderniseringsprosess og skulebygget er planlagt å vera ferdig bygd om til skulestart 2019. Brunkeberg oppvekstsenter har 1.-4. trinn og ca. 30 elevar. Straumsnes oppvekstsenter har 1.-4. trinn og ca. 10 elevar. Båe oppvekstsentra har også barnehage. Båe oppvekstsentra har ein avdelingsleiar og ein fagleiar for barnehage.

Kviteseid kommune har språk som satsingsområde og er med i satsinga «Språkkommune». Frå hausten av vil kommunen saman med dei andre kommunane i Vest-Telemark delta i «Inkluderende skole- og barnehagemiljø». I tillegg er oppvekstsektoren i gang med eit digitalt utviklingsarbeid i samarbeid med ATEA.

Rektor/einingsleiar (ID-834)

Vi søkjer ein dyktig og engasjert leiar i 100 % fast stilling til å utvikle dei tre einingane, Kviteseid skule, Brunkeberg oppvekstsenter og Straumsnes oppvekstsenter.

Viktigaste arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for verksemda, inkludert fag, personal og økonomi
  • Ansvar for den pedagogiske leiinga av skulane og skuleutviklingsarbeid
  • Ansvar for at elevane sitt skulemiljø er trygt og godt
  • Aktiv deltaking i kommunalsjefen si leiargruppe
  • Sentral bidragsytar i kommunen sitt tverrfaglege samarbeid

Ynskjelege kvalifikasjonar

  • Gode leiareigenskapar t.d. tek initiativ og ser moglegheiter
  • Evne til å leie, motivere og rettleie medarbeidarane mot eit felles mål
  • Fagleg kunnskap og engasjement som bidreg til å utvikle skulen sitt faglege innhald og drive skulane som ein lærande organisasjon
  • Gjennomføringsevne og kvalitetsmedviten
  • Evne til god kommunikasjon og å skape positive relasjonar
  • God innsikt i personal- og økonomiforvaltning
  • Pedagogisk bakgrunn og erfaring frå skuleverket
  • Rektorutdanning eller tilsvarande leiarutdanning

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • Interessante og krevjande oppgåver
  • Ei rektorstilling med rom for og eit særleg fokus på pedagogisk leiing

Stillinga vil bli lokalisert på Kviteseid skule.

Fullstendig kunngjeringstekst med link til elektronisk søknadsskjema: www.kviteseid.kommune.no.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn på intervju. Dei som blir innkalla, må ta med seg kopi av attesterte vitnemål og attester.

Har du spørsmål om stillingane, ta kontakt med Ingunn Haugland, kommunalsjef skule og barnehage Tlf. 35068118 eller 92424086.

Søknadsfrist: 24.05.2018

Den som blir tilsett må levere politiattest jf. Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa § 10.9.


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk