Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID 808 - Psykologspesialist i barne- og ungdomspsykologi/psykolog

Seljord, Kviteseid og Nissedal

søkjer etter

Psykologspesialist i barne- og ungdomspsykologi/psykolog, ID-808

 

Kommunane søkjer etter ein barnepsykolog/psykolog i ei nyoppretta stilling - som skal arbeide med barn og unge i alderen 0-20 år. Psykologen vil få eit eige kontor i helseeininga i kvar av kommunane, men ein av kommunane vil ha arbeidsgjevaransvar. Fordelinga av psykologen si tid vil avhenge av tal på born og unge i kommunane og etter behov.

Tenesta skal vera eit gratis lågterskeltilbod med fokus på korttidsterapi, råd og rettleiing.


Hovudarbeidsoppgåver:

  • Klinisk verksemd med behandling, utgreiing og kartlegging av pasientar (evt. vidare utredning for behandling i spesialisthelsetenesta)
  • Samarbeid med tverrfaglege team i kommunane
  • Rettleiing av born og føresette
  • Førebygging (undervise tilsette i barne- og ungdomsskulen)

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert psykolog
  • Erfaring med samtaler med born, ungdom og foreldre
  • Erfaring med samarbeid og rettleiing av andre faggrupper

Personlege eigenskaper:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God på rettleiing
  • Sjølvstendig og trygg på utøving av faget

Vi tilbyr:

  • 100% fast stilling
  • Lønn etter avtale
  • Moglegheit for å vera med på å utvikle tenesta
  • Deltaking i nettverk  med andre psykologar, DPS og samarbeid med tilsvarande stilling i Vinje, Tokke og og Fyresdal
  • Gode pensjonsordningar

Søkjarar utan spesialitet vil måtte inngå avtale om spesialisering.

Søkjar må ha sertifikat og nytte eigen bil. Det blir gjeve køyregodtgjersle etter gjeldande satsar.

Tilsettingstidpunkt: Etter avtale

Søknadsfrist:: 22.02.2018

Søknad sendast til Kviteseid kommune på elektronisk søknadsskjema, sjå www.kviteseid.kommune.no

Spørsmål om stillinga kan rettas til:

Kommunalsjef for helse- og omsorg i Kviteseid kommune, Olav O. Kaasa, tlf. 350 68 130/91 30 15 56, Einingsleiar for helse i Kviteseid kommune, Hanne Norgaard, tlf. 350 68 262/971 03 782

Fagleiar for Psykisk helseteneste i Kviteseid kommune, Reidun Øverland, tlf. 350 68  261/ 97 79 04 76

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk