Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Bibliotek

Sist endret: 12.01.2017Kontaktavdeling: Sentraladministrasjonen
Bibliotekbilde

Alle kommunar har eit folkebibliotektilbod.
Biblioteket i Kviteseid finn du i den gamle bankbygninga ved sidan av kommunehuset. 

Opningstider, kontaktinformasjon, lesetips og nytt frå biblioteket finn du på felles webportal for Vest-Telemarkbiblioteka.  Der kan du også fornye låna dine, logg inn med lånenummer og PIN-kode.

Biblioteket har som oppgåve å fremje opplysing, utdanning og anna kulturell verksemd. 
Biblioteket er kunnskapsbank og møteplass og låner ut/formidlar bøker og andre media.
Verksemda er pålagd og regulert gjennom Lov om folkebibliotek.  Alle, dvs. born, ungdom, vaksne og institusjonar kan nytte biblioteket sine tenester.

For å låne treng du lånekort, det får du på biblioteket.  (Er du ukjend i kommunen, kan du bli beden om vise legitimasjon).
Born under skulealder låner på føresette sitt kort.  Som lånar må du følgje lånereglane ved biblioteket. 
Dei  fleste bibliotektilboda og -tenestene er gratis. 

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk