Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Gjestenett

Formålet med å tilby trådlaus tilgang til Internett for våre gjester når de er i eller ved våre lokaler.

Med gjest i denne samanhengen, meiner vi hele spekteret frå at nokon bare er innom en kort tur til innbyggjarar i kommunen. Vårt mål er å tilby denne tenesta på en effektiv og trygg måte.


Det trådlause nettet heiter «Kommunalt Gjestenett» og har dekning i svært mange kommunale bygg i Tokke, Vinje og Kviteseid.

Når du tar i bruk våre gjestenett har du automatisk godtatt våre retningslinjer for bruk av gjestenettet.

Retningslinjer:
Ved å nytte kommunes Gjestenett mot Internett godtar du desse retningslinjer:

  • Du nyttar nettet på eige ansvar. Kommunen kan ikkje garantere at nettet ikkje blir avlytta eller overvaka, eller at dataene dine ikkje kan bli manipulert av uvedkomande.
  • Dette er en gratis teneste, noko som gjer at du ikkje kan rette noko krav mot kommunen i tilfelle feil eller problem.
  • Kommunen nyttar eit webfilter som filtrerer alle nettsider. Sider blir scanna for virus, og innhald blir filtrert og eventuelt blokkert. Tenesta er tilpassa for bruk i grunnskulen, og du som gjest kan oppleve at sider er blokkert. Sjølv om du ikkje er einig i at innhaldet skal blokkerast er dette ein praksis tilpassa kommunen sin drift. 
  • Kommunen tek ikkje på seg noko ansvar for kvalitet, verken når det gjeld tilgang / oppetid eller hastighet og dekning.
  • Det er en føresetnad at du ikkje nyttar gjestenettet til å laste nede eller distribuere ulovlig eller usømmelig innhald, spreiing av søppelpost eller spreiing av virus/malware. Med ulovlig innhald meinast f.eks. barnepornografi og kopibeskytta materiale (musikk, film, e-bøker, program, spill, osv)
  • Det er en føresetnad at du ikkje oppfører deg i strid med alminnelig folkeskikk og nett-etikette, f.eks. ved å framsette truslar, sjikane, oppfordre til eller planlegge ulovlige handlingar, osv.
  • For å kunne levere og kontinuerlig forbetre denne tenesta, må vi logge og lagre nokre opplysningar. Vi logger og lagrar maskinnamn, IP-adresse du har blitt tildelt, enhetens MAC-adresse og når og kor du nytta tenesta. I tillegg lagrast informasjon om kor mykje data som er lasta opp og ned. Denne informasjonen vil bli sletta seinast 30 dagar etter at du har slutta å nytte tenesta. I spesielle tilfelle kan lagringstida utvidast. Utlevering av lagra informasjon til 3. part vil bare skje dersom dette er heimla i norsk lov.
  • Løysninga kan bruke informasjonskapsler. Informasjonskapsler lagrar opplysningar i din nettleser for å forbetre bruken av nettsida.
  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk