Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Frivilligkoordinator

I april 2017 vart det tilsett frivilligkoordinator i 50% stilling i kommunen. Stillinga er lagt til Eining for Samfunnsutvikling og teknisk drift.

Frivilligkoordinator har som oppgåve å koordinere arbeidet mellom frivillige lag og organisasjonar, bidra til å søke om eksterne midlar, fylgje opp og gjennomføre politiske vedtak.

Kommunen har oppnemnd «Råd for frivillig arbeid i Kviteseid Kommune» (24.10.2016) Her sit representantar frå helse-, natur – og friluftsorganisasjon, bygdekvinne – , husflidslag, kristelege organisasjonar og idrett. Rådet skal styrke samarbeidet mellom dei ulike frivillige aktørane i kommunen, og mellom aktørane og kommunen. Rådet vert aktivt bruka som rådgjevande organ i saker som handlar om det frivillige arbeidet.

To av medlemmane i rådet bytast ut kvart år, for å sikre kontinuitet.

Ein gong i året vert alle lag- og organisasjonar invitera til møte. Her vil me ta opp tema og saker som dei frivillige og kommunen ynskjer å drøfte eller få meir kunnskap om, og på dette møtet skjer og utskiftinga av medlemmar i rådet.

Kviteseid Kommune abonnerar på «Tilskuddsportalen». Her kan lag og organisasjonar finne oversikt over kva for tilskot ein kan søke på; i portalen er det oversikt over meir enn 1500 ulike tilskot.

Ta kontakt med frivilligkoordinator på e-post for å få tilgang til portalen.

På heimesida til kommunen finn du oversikt over lag og organisasjonar her;

Lag og organisasjonar

NB! For å vedlikehalde denne sida må endringar eller feil meldast. Sei frå til frivilligkoordinator  på e-post.

Har du tid og lyst til å vera med oss i det frivillige arbeidet? Meld deg inn i eit lag/organisasjon som passar deg, eller ta kontakt med frivilligkoordinator om du vil gje av tida di til andre. 

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk