Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Flyktningetjenesta

Flyktningetenesta vart i 2016 organisert inn som en eigen eining underlagt rådmannen.
Kommunen er inne i eit fireårig busettingsvedtak, periode 2016-2019 der vi har måltall om busetting av 40 flyktningar.

Mål

 er å leggje tilrette for at dei menneska som busettast i kommunen vår får

  • ta i bruk sine ressursar og kompetanse dei har med seg frå heimlandet
  • innføring i norsk språk, arbeidsliv, kultur og historie.
  • bli sjølvhjulpne og få moglegheit til å være aktive deltakar i det norske samfunnet på lik linje med andre Kviteseidborgere.
Ansvarsområder
  • Busette i samsvar med gjeldande vedtak i kommunestyret

Vedtak 2015:

Busette 10 flyktningar kvart år frå 2016- 2019

I planen står det fylgjande: 
Det vil på alle måtar være ein gevinst for kommunen å utarbeide eit godt og solid integreringsarbeid, slik at flyktningane får eit best mogleg utgangspunkt til å verte ein sjølvstendig borgar, verte buande og få eit godt liv i kommunen.

  • Praktisk hjelp, råd og vegleiing
  • Introduksjonsprogram
  • Koordinere og samhandlar mellom offentlige og private organ
  • Eit samarbeid mellom alle einingar i kommunen for å bidra til norskopplæring, skule/utdanning og arbeid/sysselsetting.

Hovudarbeidsoppgåver

  • Organisera, tilretteleggja og busetja så mange flyktningar som politikarane til ei kvar tid har bestemt
  • Gjennomføra og følgja opp introduksjonsordninga i samarbeid med andre tenester i NAV og Vaksenopplæringa
  • Vera bindeledd mellom flyktningane og andre offentlege tenester.
  • Driva informasjon utad, mot kommunale instansar, utdanningsinstitusjonar, friviljuge organisasjonar, politikarar og publikum
  • Samarbeida med UDI sentralt og med IMDI regionalt
  • Gje råd og rettleiing om tilbakevending til heimlandet

Samarbeidspartnarar

  • UDI – sentralt
  • IMDI - regionalt 
  • Statlege og fylkeskommunale kontor
  • NAV -tenester: arbeid, trygd, sosial-økonomirådgjevning-husbank.
  • Andre kommunale tenester og institusjonar i vår kommune
  • Flyktningtenester i nabokommunar
  • Fagleg forum for flyktningearbeidarar (FFKF) 
  • Lag og organisasjonar 
  • Det private næringsliv 
  • Tolketenester 
  • Asylmottak kringom i landet

INTRODUKSJONPROGRAM

Innvandrarar mellom 18 og 55 år har rett og plikt til eit introduksjonsprogram over 2 år. Målet med introduksjonsprogrammet er å gje grunnleggjande opplæring i norsk og samfunnskunnskap og førebu til deltaking i yrkeslivet. Målet er at dei skal verta økonomisk uavhengige og sjølvstendige i det norske samfunnet. Programmet går normalt over 2 år, men dette kan utvidast til 3 år om særskilde grunnar tilseier det.

Kviteseid tilbyr Introduksjonsprogram til alle flyktningar som vert busette i kommunen. Programmet omfattar både undervisning i vaksenopplæringa, språkpraksis i ulike bedrifter og individuelt tilpassa opplegg. Kviteseid har eit samarbeid med vaksenopplæringa i Seljord kommune.

Det skal utarbeidast ein individuell plan med bakgrunn i deltakarens opplæringsbehov. Det vert gjort ei kartlegging av utdanning, arbeidspraksis, interesser, yrkesynskje, framtidsplanar og behov for vidare kvalifisering.

Under programperioden får deltakarane utbetalt introduksjonsstønad som skal sikra livsopphald. På årsbasis utgjer dette to gonger grunnbeløp i folketrygda. Personer under 25 år mottek 2/3 stønad. Det trekkast skatt av introduksjonsstønaden.

Personar som busettast har fått lovlig opphald i Norge og skal ha de same rettighetane som ein kvar annan borgar i landet. Det er ønskelig at de blir buande i kommunen og etter kvart kan bidra med sine ressursar og mangfald. 


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk