Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Gebyr etter matrikkellova

Vedtekne satsar gjeldane frå 01.01.18.

Med heimel i matrikkellova (jf. §32, forskrift §16) er det fastsett følgjane satsar:

Nr.   Gebyrregulativ  Pris
1.1  Oppretting av matrikkeleining   
 
1.1.1  Oppretting av grunneigedom og festetomt  
   Areal 0 - 2000 m2  13.600,-
   Areal frå 2001 m2 - auke pr. påbyrja dekar  1.100,- 
   For areal over 8000 m2; Tilleggsgebyr for tidsbruk over 4,0 t med timesats 
 lik 1,2 promille av årsløna.
 
   Frådeling av eksisterande festetomt der det er gjennomført oppmåling/laga 
 målebrev etter 01.01.1980, får 2/3-dels gebyr.
 
   Frådeling som fell inn under §42 i matrikkelforskrifta (LNFR-areal over 
 100 dekar) for 2/3-dels gebyr. 
 
1.1.2   Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn  
   Pr. sak uansett arealdel   4.000,-
   Der markarbeid er påkrevd, utløyser det tilleggsgebyr etter pkt. 1.6.  
1.1.3  Oppmåling av uteareal på eigarseksjon  5.000,- 
   For fyrste to eigarseksonar, areal 0-2.000 m2  
   Pr. eigarseksjon over to  2.000,-
   Areal frå 2001 m2 - auke pr. påbyrja 1000 m2  1.000,-
1.1.4  Oppretting av anleggseigedom  
   Volum 0 - 2000 m3   6.100,-
   Volum frå 2001 m3 - auke pr. påbyrja 1000 m3  500,-
1.1.5  Registrering av jordsameige  
   Gebyr etter brukt tid, med timesats lik 1,2 promille av årsløna   
1.1.6   Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning  
   Som i punkt 1.1.1, 1.1.2, 1.1.4 og 1.1.5.  
   Ved fullført oppmåling eit tilleggsgebyr  3.800,-
1.2   Avbrot     
1.2.1   Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering  
   Gebyr for utført arbeid dersom saka blir trekt før ho er fullført, må 
 avvisast, ikkje let seg matrikkelføre på grunn av endra heimelstilhøve, 
 eller av andre grunnar ikkje kan fullførast, blir sett til 1/3 av gebyrsatsane i 1.1. 
 
1.3  Grensejustering  
1.3.1  Grunneigedom, festegrunn og jordsameige  
   Ved gebyr for grensejustering kan areal for involverte eigedomar justerast med
 inntil 5% av eigedomsarealet (maksimalgrensa er sett til 500m2). Ein eigedom 
 kan derimot ikkje gje frå seg areal om si sum overstig 20 % av eigedomsarealet 
 før justering. For grensejustering til veg- eller jarnbaneførmål kan andre 
 arealklasser gjelde.   
 
   Areal 0 - 500 m2  6.100,-
1.3.2  Anleggseigedom     
   For anleggseigedom kan volumet justerast med inntil 5 % av 
 anleggseigedomsvolumet, men den maksimale grensa er sett til 1000 m3.
 
   Volum 0 - 250 m3   3.100,-
   Volum 251 - 1000 m3
 6.200,-
1.4  Arealoverføring  
1.4.1  Grunneigedom, festegrunn og jordsameige   
   Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast.
 Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- 
 og jarnbaneføremål.  
 
   Areal 0 - 100 m2  4.700,-
   Areal 101 - 250 m2   7.000,-
   Areal 250 - 500 m2    9.600,- 
   Auke pr. nytt påbyrja 500 m2    500,-
   Dersom grense(r) på eksisterande grunneigedom ikkje er koordinatbestemt, 
 eit tilleggsgebyr på: 
 3.500,- 
   + evt. tilleggsgebyr for tidsbruk over 4,0 t med timesats lik 1,2 promille av årsløna  
1.4.2  Anleggseigedom     
   For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining 
 til ei anna,
 - ikkje vere registrert på ei tredje matrikkeleining. Volumet kan bare overførast
 til ei matrikkeleining dersom vilkåra for samanføyning er til stades. 
 Matrikkeleininga skal utgjere eit samanhengane volum. 
 
   Volum 0 - 500 m3   4.000,- 
   Auke pr. nytt påbyrja 500 m3    500,-
1.5   Klarlegging av eksisterande tomt der grensa ikkje er koordinatbestemt     
   For tomt inntil 8000 m2  9.200,- 
1.6   Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning.  
   For inntil to punkt    4.100,-
   For overskytande grensepunkt, pr punkt  300,-
1.7   Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidlegare er koordinatbestemt/ 
 eller klarlegging av rettar.   
 
   For inntil to punkt  7.000,-
   For overskytande grensepunkt, pr. punkt   700,-
   Gebyr for klarlegging fakturerast etter brukt tid, timesats 1,2 promille av årsløna  
1.8   Privat grenseavtale   
   For inntil 2 punkt eller 100 m grenselengde  1.200,-
   For kvart punkt eller påbyrja 100 m grenselengde  100,- 
   (Vel billigaste alternativ for rekvirenten)  
1.9  Urimelege gebyr  
   Dersom gebyret klart er urimeleg i høve til prinsippa som er lagt til grunn, og det 
 arbeidet og dei kostnadane kommunen har hatt, kan rådmannen eller den han/ho 
 gjev fullmakt, av eige initiativ fastsetje eit passande gebyr.
 
   Fullmaktshavar kan under same føresetnadar og med bakgrunn i grunngjeven 
 søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetje eit redusert gebyr.
 
1.10   Betalingstidspunkt  
   Gebyret skal krevjast inn på forskot  
1.11   Endringar i grunnlaget for matrikkelføringa av saka  
   Endrar rekvirenten grunnlaget for matrikkelføringa av saka før ho er avslutta, skal 
 gebyret likevel stå ved lag.
 
1.12  Utskriving av matrikkelbrev  
   Matrikkelbrev inntil 10 sider   175,-
   Matrikkelbrev over 10 sider  350,-
1.13    Gebyr rekna ut etter brukt tid  
   Gebyr for oppmålingsarbeid som ikkje kan fastsetjast ut frå punkta over, skal reknast 
 ut etter brukt tid, timespris som svarar til 1,2 promille av brutto årsløn for den som 
 utfører arbeidet, i tillegg til kostnadar med reise og eventuelt merkemateriell. 
 
1.14  Statlege gebyr og avgifter  
   Tinglysingsgebyr og eventuelle dokumentavgifter kjem i tillegg til alle kommunale gebyr.  
1.15  Regulering av gebyrsatsane  
   Gebyrsatsane kan regulerast kvart år i samband med budsjettvedtaket i kommunen, og 
 skal innordnast målet om full inndekking i sjølvkostregnskapet for desse tenestene.
 
1.16  Tidspunkt for iverksetjing  
   Gebyrregulativet gjeld frå 01.01.2018.  


Gebyrregulativet er vedteke av Nissedal kommunestyre (sak 076/17, 14.12.17) og Kviteseid kommunestyre (sak 088/17, 14.12.17).
  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk